Det året

På datamaskinen min ligg det halvskrivne dikt av ymse slag, og når døra opnar seg på gløtt, går det an å forma dei slik at dei vert til noko anna enn skisser, noko meir enn idear.
Javel. Dette her er del ein av ein eller to eller tre.
Det er slik eg ser føre meg at det kan ha vore då dei tok ut tømmer for å byggja driftsbygning, ja - det må kan hende vera kring århundreskiftet.
I alle høve før traktoren kom.
PS: Det er HESTEN som heiter Hans!


Det året



Det året laud økser i skogen

So snødde det tett over landet og fjorden

Det fraus på tjødner og pyttar

Teppe av kvitt over blåsvart is

Me virka med tømmer dei timane ljoset bar

Klake i skjegget på mannfolk på hogst ein kald Januar

Stivfrosne vottar krøkte kring saga

Han Hans med skurstokkar festa til draget

Frostrøyk frå hest og gutar på lasset

Dei sa ikkje stort, men dei kjende på gleda

Helt i det stora og helt i det småa

Her fekk dei virka som mannfolk og vera med der det skulle skje

Draumen som steig opp og angen frå nyhogde tre!



Rett inn på saga til Åsmund og Jon

Stokkane deira vert skorne og kappa

Og Åsmund er basen med spøna i barten

Spyttar og filer på tenner i stål

Siktar med tommastokk, det

augnamålet

er finstilt og vekta og klart og god nok kontroll

Ho blenkjer so blått i halvmørkret, saga

Kjenn på den angen, Og nynn på den songen

Sagspon sprutar og kvervlar i lampa si trassige lys

Stilla som senkjer seg etterpå, Hans som kneggar, eg ser at han frys

Å, denne korte vinterdagen, no må me lø ferdig og finna heim

Kroppen er støl og augo er tunge.

Gutungen sit alt på sleden og søv som ein stein.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta