#gothsinbluejeans

Bildet kan inneholde: 4 personer, folk som står og utendørs

Flyet landar på flyplassen i Düsseldorf, meir eller mindre i rute.
Me har god tid, me skal ikkje spela før på Laurdagen. Men Tommy skal ha si første øving med october burns black.
Me går og går, finn utgongen, og så stiller me oss der drosjar og minibussar køyrer inn, på eit smalt fortau med overbygg, og der står me med den vesle bagasjen me har, og det vert ringt til organisatorar og sjøførar og what not, men det drøyer, og eg lar meg freista til å ta ein røyk.
Han smakar slik dei gjorde då eg var 13, og var på u-klubb på Hjelmeland ungdomsskule, og mest alle gutane i klassen var ute i septemberkvelden, og det byrja å mørkna, og det vart delt ut sigarettar til alle som ville ha. Geir, Magnar, Kjetil, Bjørn Asle, Loyee, Rolf Arne og meg. Der og då. Eit brorskap i plommetjuveri. Glørne som ga andleta våre eit mystisk, maskulint drag. Me var faen så tøffe.
Me var gutta i røyken. Det var forbudt å røyka. Og kan hende var det akkurat det som gjorde at det smakte så fantastisk godt.
Sigaretten (rett nok i røykesona) på flyplassen i Düsseldorf minner om desse første. Men no vert det med denne eine.
Det kjem ikkje nokon kassebil for å henta oss, så me går inn igjen. Finn ein butikk på flyplassen, og går bananas i brennevinsavdelinga.
Ei flaske Gorbatchev Vodka kostar 9 Euro. Det bur ein pensjonist i oss alle, og han er meir enn litt glad i slikt som er billeg.
Og endeleg får me tak i minibussfyren som skal kjøra oss til Hilden. Me går med han til bilen. lastar inn trillekoffertatr og imaginære gitarar. Og posar med vassflasker og vodka.
Og skinnbagen til Tommy, med øydelagd glidelås, og med hatten oppi.
Me tek eit bilete med sjåføren, og legg det ut på facebook-sida. Og kommentarane lar ikkje venta på seg, for Long Night er eit band som har ein lead singer som er under middels opptatt av å sjå ut som ei rockestjerne når han ikkje er på scenen, og blant dei meir puritanske medlemmene av gothrøyrsla er blå dongribukser - med (litt) matchande blå dongrijakke til - uhaldbart.
eller #gothsinbluejeans som hasjtaggen heiter.
Eg er 50 år neste år. Eg gidd faen ikkje å gå rundt og vera flaggermus lenger.
Det kjem kan hende ein post til. Eg trur det.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta