Hest er best som pålegg


Hesten har hatt og har høg status hjå menneska, det kan det ikkje vera nokon tvil om.
Det har nok ein del med potensialet han har, som ridedyr, trekkdyr og arbeidsdyr, som transportmiddel - den har høgare toppfart enn esel, kamelar og kyr, og reint estetisk er dei overlegne dei fleste andre dyr.
I det norske (og internasjonale) språket er hestens forskjellige eigenskapar ofte brukt for å forklara noko eineståande.
Eg nemner i fleng: Hestekrefter. Å lukte eller sveitte som ein gamp. Gamperiff. Å vera Hæstkuk. Sprek som ein fole, sterk som ein gamp, eller sur som ei gammal merr. Eller din trave.
Eller engelske Hung like a horse, som er referanse til den ekstreme størrelsen på forplantningsorgana til hingsten. Min favoritt er det Trønderske Merrabett- som er å klypa på innsida av låret, og som refererer til hestens infame natur.
Eksen min skreiv ei doktoravhandling om hesten, og brukte meg til å sparra med, og oppgåva handla vel mest om det mytiske frå forne tider, om alt det som desse dyra har betydd i eit arkeologisk perspektiv. Eg er jo berre ein bondeføkk, og skjøna nok ikkje meir enn rundt halvparten av orda, og min kjennskap til hesten er hovudsakleg basert på eigne erfaringar, ikkje på tusen år gamle fallosar, eller dekorasjonar på potteskår av leire.
Bruno, den brune vallaken kika på oss med avmålte augo medan han tygde på munnbetet sitt, og me gjekk bort for å helsa på. Han er som sagt ein ponni, me sto lydig og haldt i tampen, og det seig på med fleire jenter i ridestøvlar, fleire fedre med varierande kjennskap til dette mystiske dyret, og varierande iver etter å verta kjend med det òg, men alt for å gjera avkommet til lags.
Og så vart me instruerte i korleis me skulle føra oss, korleis me skulle leggja på salen, henga taumane, heisa stigbøylane, korta inn stigbøylane, halda taumane, halda avstand til dei andre hestane, for å seia det som det er: me fekk mykje informasjon, og vart granska inngåande av instruktørdama. Ho var heile tida svært tydeleg, og eg trur det bidrog til ein tryggleik, hjå både ryttarar og assistentar. I samla tropp gjekk me ut i ein hall, stilde oss på rekkje, og der skulle dei komande ryttarane lera å starta og stogga, og Ingrid skein der ho sat, som eit lys. Eg har ikkje noko anna ord for det. Så open og så oppmerksam har eg kan hende aldri vore.
Bruno og eg hadde ei slags pakt: om du ikkje lagar hekkan for meg, så skal ikkje eg laga hekkan for deg heller, og eg gjekk og småsnakka med han, medan han sutta og beit på metallet han hadde i kjeften.
Alle disse hestene har sin egen rangordning, hvis en med veldig lav rang går for nærme en av de med høy rang, kan det hende at disse prøver å bite..
Instruktørdama instruerte og overvaka, og då ho spurte om nokon ville prøva å trave, så fauk femseks hender i lufta med ein gong.
Bruno strutta vel ikkje akkurat av travelyst. Motviljug dassa han avgårde og eg småsprong ved sida av, og den første gongen så presterte han vel noko - som med litt godvilje kunne kallast trav - men dei to neste gjekk han berre fort.
Me sa oss nøgd med travinga, og til slutt tok me ein fellesrunde utandørs, og instruktøren spurde om Ingrid var nøgd med Bruno, og ho sa ja. Og då sa instruktøren Ja, jeg synes dere passer sammen.
Og då det var slutt, fekk han ein klem frå Ingrid og eit  stryk over mulen frå meg, og så hengde me opp sal og bissel og tau og greier, og så sette me oss i bilen og åt brødskiver med banan medan me cruisa heimover mot byen. Litt smartare begge to.
Du får ønska deg ridestøvlar til jul, Ingridmor, sa eg.
Ja. Sa ho.
Inni draumen ein stad.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta