Hurra for NRK og lisensavgifta - verd kvar einaste krone

Akkurat no kjenner eg det som om den poetiske åra i meg er i ferd med å tørka ut, dersom ein kan seia noko så sjølvhøgtideleg når ein kjem frå den staden eg gjer.
Orda flyt ikkje av seg sjølv, men nye laup opnar seg, og der tyt det ut musikk og kjensler eg hadde gløymt at fanns.
Eg tykkjer likevel at det kan vera greit å minna meg sjølv og min smale lesarskare om at eg framleis har puls, og denne bloggen eksisterer på trettande året, og har på mange vis vore hjørnesteinen i min (rett nok vaklevorne, men likevel) kreative eksistens.


I helga var eg på eit fantastisk utdrikningslag, vibbefritt og tilbakelent, vaksne mannfolk - plommetjuvar og gentlemen - i varierande grad. skattebetalarar, småbarnsfedre, lærarar, sosialarbeidarar, fagforeningspampar, oljefolk, shippingagentar, IT - folk, og jobbemenner.
Kun ein gong heva eg røysta (som eg kan hugsa i alle høve), og det var i ein krangel om politikk. Mine 48 år, og mitt opphald langt ute på ytterste venstre fløy har lært meg å styra unna kombinasjonen politikk og alkohol (i motsetnad til - til dømes - Per Sandberg). Men sist Laurdag gjekk eg i baret.
Diskusjonen gjekk på kva som var verst av Kristeleg Folkeparti (pest) og Framstegspartiet (kolera). Og kvifor eit av desse partiet ein ville røysta på - dersom ein absolutt måtte - og då det synte seg at 3 av 5 heller ville stemma Framstegspartiet - då klarte eg ikkje å halda sinnet attende. Og ingen ville gje seg - eller la seg rokka - så det vart null null i resultat.
Det vart ein ofseleg long introduksjon, dette her, og enno har eg ikkje landa han. Men altså ordskiftet i dette landet. Det på nettet, i kommentarfelta, facebook, twitter og så bortetter har hardna til dei siste åra, og eg er vel ikkje akkurat nokon nettkrigar, eg bedriv berre mindre, sarkastiske skinnangrep på Høgreføkksen og retninga samfunnet har teke. Føkk solidaritet og fellesskap, føkk hjelpa dei svakaste, føkk yta etter evne og få etter behov. Og. Så. Bortetter. Hurra for kapitalen. Alle må arva og føda og jobba og eiga meir.
Nei.
I går, Torsdag, sette Rållså og meg oss til for å sjå på eit fjernsynsprogram som heiter Uro.
Ja, me såg to episodar. Eg vil anbefala alle å sjå denne programserien.
Dem maskuline Balkan-sjarmøren Leo Ajkic gjer det han kan best. Han snakkar med folk på alle sider av bordet. Med unge folk og gamle folk, på skular, på Holmlia, reiser til Island, han snakkar med forskarar og klimaskeptikarar. Det er nydeleg, det vert aldri kjedeleg eller sukkersøtt. Leo gjer det som debattprogramma ikkje klarer. Han får folk opp frå skyttargravene, og inn i konstruktive diskusjonar. Og etterpå kjenner eg meg som ein tosk som har bruka så mykje energi på å hamra meiningane mine inn i meiningsmotstanderar. Ja, mest på jobb, og mindre på fest.
Hurra for NRK og lisenspengene!
Link: https://tv.nrk.no/serie/uro/sesong/1/episode/1/avspiller

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke