Om superhelting

Tres Amigos frå 1986 er ein film alle burde sjå.
Det er noko så sjeldan som ei absurd amerikansk komedie. Det var (sjølvsagt) Magnus som introduserte meg for denne, i VHS-format - i stova i Schmidtakrossen, ¨på ein Akai videomaskin og verdas minste fjernsyn.
Det er ein scene i filmen eg har tenkt mykje på i det siste: Scenen der den Meksikanske landsbyen står i umiddelbar fare for å verta totalt utsletta av bandittar, og Steve Martin (den eine av amigoane) desperat freistar å finna ein måte å redda landsbyen på.
Ivrig står han framfor landsbybuarane og spør:
- KVA ER DET DYKK ER VERKELEG GODE PÅ?
- Nei.. Kva skulle no det vera....
- TENK NØYE ETTER!
- Jaaaa...Vi er ganske gode til å SY, men...
Og så syr landsbyfolket Tres Amigo - kostymer til alle, og brukar dei i ein spektakulær plan for å forvirra bandittane og frelsa byen for desperadosane sine klør.
Det å sy er altså desse landsbybuarane si kollektive SUPERKRAFT, dette kan dei så godt at det vippar oddsen over i deira favør.
Me har alle eigenskapar som, vel, som fargar dei me er, og som - dersom dei vert rett stelte med - kan berga liv, eller løfta oss ut frå det middelmådige, setja avtrykk på verda utover eksistensen i seg sjølve.
Me vil gjerne verte sett for desse sidene med oss sjølve som gjer oss spesielle.
Ikkje dei som viser oss nedrige, feige, pysete, upålitelege, sleipe, kjipe, redde, nervøse, grådige, bresne, grisete eller ulekre, sjølv om dei fleste av oss har spor av dette i seg.
Og dersom lyset skin særskilt på nokon som me kjenner, eller står oss nær, så er det som om det kjem eit dryss med stjernestøv som råkar oss og.
Det å vera særskilt vakker er ei slik superkraft.
Å vera rask eller sterk, kunne hoppa høgt eller langt. Å vera flink til å klatra, spela fotball, symja, dansa.
Å ha evnen til å hiva ein stein inni helvetes langt.
Å vera SNILL. Hjelpsam. Flittig.
Å ha god humor.
Å vera god på data, flink i språk eller matematikk, kjøra bil, eller ha eit klart hovud.
Det å kunne synga eller spela eit instrument. Vera god til å fortelje historier.
Det å kunne lyga, drikka brennevin med beggje hender, ha empati med andre.
Å beherska kart og kompass, vera god med pengar.

Men vil me eigentleg at folk skal sjå oss som dei me er?  Er det ikkje meir presist å seia at me vil dei skal sjå oss som dei me FREISTAR å vera?
Våre næraste - dei me slepp heilt innfor den innste grinda - dei veit sjølvsagt om det meste av det som er mindre flatterande.
Av alle superkrefter ser eg empatien som den viktigaste, og det å vera inni helvetes god til å hiva stein som ein god nummer to.
God Mandag!






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Lagelig til for høgg

Om mørke