Pilot

Frp har redda asylbarna. Den såg eg ikkje koma.

Men det var ikkje det eg skulle skriva om. I dag skal eg teste mitt første produkt. Lesarundersøkinga (eller sonderingane) viste ein for og ein skeptisk til dette prosjektet.
Ikkje akkurat overveldande respons, men lang tid i rockebransjen har lært meg at ein skal gje hundre prosent for publikum, om dei er ti eller ti tusen. Publikum = lesarar.

Det første produktet eg vil ta for meg er Presskannekoppen - ein sylindrisk gjenstand i stål og røff gummi - som ved første augekast ser ut som ein heilt vanleg termos MEN: Inni koppen er det ei stang med ei rist på enden - som gjer koppen særs godt egna til å lage presskannekaffe i. Den har ei lita luke på toppen, som avdekker ei opning som ein kan tømme i seg kaffi igjennom.

Koppens røslege storleik har gjort han frykta blant mine arbeidskollegaer. Han tek kring 0,4 liter. Eg fyller alltid heilt opp frå kaffitraktaren på jobb.
Han held kaffien varm i eit par timar - minst - han tåler fint fall frå store høgder, i ekstreme situasjonar kan han brukast til angrepsvåpen eller forsvarsvåpen (angrep er som kjent det beste forsvar).

Det einaste eg har å å utsetja på dette produktet er : at hvis ein ikkje passar på å ha kontroll på alle delane ved reingjering - kan føkka opp presskannefunksjonen.

På ein skala frå ein til to (bra eller dårleg) er dette ein soleklar toar.


Produktinfo:
Bodum presskannetermos

Volum: omtrent 0,4 liter

Design: Ja

Pris: 250 - 350 Kroner.

Kan kjøpas på: Sjildn kjøpesenter i ein butikk i andre eller tredje etasje. Som eg ikkje hugser kva heiter.

Bileta har eg teke sjøl. Men eg sat i ein time - paralysert - og heilt ute av stand til å lastea dei inn her. Rett før eg tok termosen og byrja å banka laus på maskina. Tusen ord seier meir enn to bilete.

Kommentarer

Rånni sa…
ps3 -test ?
Tutt ?
En bil. Å ja pliiis test en bil!
beelzebub sa…
Fotballpubtest!
paaskeharen sa…
Sjåher, ja. Gode forslag!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta