onsdag, oktober 02, 2013

Påskeharen testar bilen


Dagens FRP: Me vil IKKJE redda asylbarna (dei er utlendingar). Me vil berre rydda opp i det raudgrøne kaoset.

Rånni har ikkje sendt meg nokon bil, så då lyt eg ta utgangspunkt i min eigen.

Eg hadde det jysla fint i alle dei åra eg ikkje hadde bil. Eg hadde råd til både øl og taxi. Her ligg eit av dei to store ankepunkta mot bilen. Eg kjem tilbake til dette seinare i testen.

Bilen vår er ein 2006 Volkswagen Touran. Me kjøpte han brukt i 2009 for 180 000 kroner på Strand Autosenter.
Årsaka til at me gjekk for denne bilen var at han hadde god plass til to beibiar, tvillingvogn og alt det obligatoriske ekstrautstyret som følgjer med i ein slik kvardag.

På utruleg vis (og eit kortsiktig lån frå far) klarte me å spara nok pengar til doningen. Utan å måtte ty til bank eller andre kreditt-instutusjonar.

Eg skjøna relativt fort at det var den kjipaste varianten av Touran me hadde kjøpt - han har ein 105 hestars bensinmotor - som gjer han ganske tung i sessen når han er lasta opp.
Noko av den manglande akselarasjonen kan bøtas på med å køyra med ekstremt høgt turtal på andre og tredjegiret.
Han er registrert for sju personar. To seter er er finurleg felt ned i dørken i bagasjerommet.

Han var dessutan skitgod som festivalbil for Rållså og meg i Vikedal i fjor. Med madrasser og puter fekk me god soveplass, beggje to.

Han har ikkje air-condition. Det er drit når det er varmt. Skulle gjerne hatt det i stadenfor cruise-control, som berre er eit irritasjonsmoment.
Varmeapparatet fungerer dessutan dårleg på temperaturar under 15 kuldegrader

Vår touran har kort nase, noko som medfører at eg så å seie aldri kan treffa beint på ein parkeringsplass.

Han er raud som draktane til Liverpool fc. Og som fanene i første mai-toga. Det er eit pluss.

Det er mange lys i dashbordet som eg ikkje skjønar kva tyder. Dei fleste er oransje. Det er visst først når det er raude lys som blinkar at det er verkeleg fare på ferde.
Eg spurde mekanikaren sist gong bilen var til service om desse oransje lysa. Det er sannsynlegvis ikkje noko alvorleg. Svara han. Det eine der er nesten sikkert ein sensor. Han vart vag då eg freista spørje kva det ville kosta å få vekk feilen. Den han trudde var ein sensor kom på kring 2500. Den andre måtte han feilsøkje litt meir på før han kunne seie noko

Eg tek kontakt. Sa eg, men han såg nok på blikket mitt at me kjem til å ha same diskusjonen neste år. Hvis ikkje kjøretøyet bryt saman før den tid. Eller eigaren.

VW Touran er god å køyre og byr på ekstrem køyreglede når eg og ungane er aleine i bilen og det er hard rock på radioen og eg guffar opp lyden og ruller ned vindauga og fyrer på med til dømes Seven Nation Army av White Stripes og er ser at ungane diggar minst like mykje som meg.

Bilen som konsept - dersom me kan seie noko generelt (og det kan me) - er relativt genialt. Ein lyt rett nok ha sertifikat for å kunne køyre. Og så er det skitfarleg. Og skikkeleg dårleg for miljøet, han lagar køar og ofte er det skikkeleg kjipt å køyre bil. Ikkje på landevegen - der eg trivst relativt godt - med høgre framhjul på den kvite stripa.
Det er ikkje lett å bestemma seg for om bil er bra eller drit, men eg landar på ein syltynn bra, sidan kvardagen vår hadde vore sers tungvint utan. På den andre sida kan ein argumentera med at dei 60-70 tusenlappane me brukar på bilrelaterte utgifter i året heilt sikkert kunne ha vore brukt på noko anna.

BIL:
VW Touran

Modell 2006

7 seter

Motor: 105 hk bensin

Hjul: Ja (4)

0-100 : Tja, Par minutt

4 dører + bakluke (er det ei dør, forresten?)




3 kommentarer:

Tenkerbell sa...

Hahahaha, jeg ler så jeg nesten tisser i buksa. Og så prøver jeg å kommentere, selv om Blogger nekter meg å kommentere hos Figen. Men noen ganger slipper jeg gjennom, mens Blogger drikker te eller røyker hasj eller noe. Og så vil jeg bare ha sagt, til tross for at jeg sjelden får gjort nettopp det på grunn av Blogger, at vi er uenige politisk, men du skriver såpass bra at jeg har delt bloggen din på facebooksiden til de av mine venner som er enige med deg. Og da skriver du veldig bra, når noen gir gode argumenter til folk som er uenige med dem og som de er tilbøyelige til å ha en diskusjon med. Bare sånn for ordens skyld. Nå skal jeg straks trykke enter, mens jeg ganner på at Blogger er opptatt med noe annet enn å moderere meg.

Tenkerbell sa...

Herrejesus, det gikk!!!!!

paaskeharen sa...

Takk og takk. Blogger er ein luring. Eg har eigentleg ikkje noko overordna mål om at folk skal vera einige med meg. Eller eg med dei. Eg freistar provosera, men det er ikkje ofte at eg klarer å lokka nokon utpå.