Påskeharen testar livet som gressenkemann


Sjåder - det er utfordringa når ein har skrive bokmål sidan 1987 - at ordforrådet vert begrensa når ein skal skriva nynorsk i 2013.
Rållså tok med seg ungane til fjells på Mandag. Det heiter 'Haustferie'. Det betyr i praksis at eg har hatt husværet for meg sjølv sidan då.

Det er jo radikalt annleis å væra aleine kontra å vere eit hjul i ein småbarnsfamilie. Ungar er så aktive, og det at dei er aktive fører til at eg vert aktiv eg òg.

Kommandoar som FERDIG! KOM Å TØRK, PAPPA! 

Og forespørslar som KAN DU VERA MED MEG OG BYGGA MED KLOSSANE, PAPPA?

Eller EG VIL TEGNA!

Alt dette er forstumma. All anna service knytt til toddlers-bransjen er og innstilt. Laga mat, pusla puslespel, rydda på og av borda, inn og ut av oppvaskmaskinen, lesa høgt, gje tran, prøva å begrensa overdriven bruk av fjernsyn og ipad, pussa to ekstra sett med tenner, legga to ungar, leita etter kosebamsar, henta det obligatoriske glaset med vatn etter at dei har lagt seg.
Pluss dei eviggrøne formaningane, meglinga, småkranglinga med Rållså.
Tja, for å seie det som det er: Plutseleg hadde eg jækla mykje tid til fri disposisjon. Det einaste eg gjorde på Mandagen var å vaska eit par maskinar med kler.
Ellers låg eg på sofaen samanhengande frå klokka tre til halv elleve. Så gjekk eg og la meg i senga.

På Tysdagen arbeidde eg rett nok overtid til halv ni. Og rett på sofaen igjen. Det var relativt overraskande at det gjekk så fort å finna tilbake til denne kjensla av å vera bekymringslaus slabbedask, utan nokon andre enn meg sjølv å sute for.

Eg kan anbefale gressenkemann-livet på det varmaste. Men no gler eg meg til familien min kjem heim i kveldinga. Men ikkje til panikkryddinga i forkant.

(Biletet har eg funne hjå google).



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta