Turistar = Idiotar

Då familien Påskeharens var i Hardanger i Mai, vitja me ein turistattraksjon. Ein foss med sti under. I sanning eit mektig syn. På utsida av stien gjekk det eit lågt gjerde som skulle hindra dei mindre intelligente av turistane i å trø for langt ut på det sleipe fjellet på utsida.

Freistinga vart likevel for stor for mange - dei hoppa over gjerdet - og stillte seg til å posera for medturistane sine ute på kanten.
Dei ville vel ha nokon spektakulære bilete å visa fram på facebook-profilane sine. Rein gissing frå mi side, sjølvsagt.

På bakgrunn av dette OG Spanjolen som gjekk over kanten på Preikestolen i går, vil eg leggja ned følgande påstand:

Turistar = Idiotar.

Har du vengjer? Nei.

Då er det overhengande fare for at du ikkje kan fly heller. I alle høve ikkje meir enn ein gong.

Kommentarer

paaskeharen sa…
Misforstå meg rett: Når EG er turist så er eg idiot eg òg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta