tirsdag, oktober 08, 2013

Påskeharen testar smuglarsigarettar


Eller Polakk-røyg, som Pål Øystein kallar det.
Okay. Eg veit det er ulovleg, det støttar opp om mafiaverksemd og gud veit kva. Det er usunt, umoralsk og ufyseleg. Men det gjeld jo forsåvidt all røykjing. Den moralske skilnaden på om tobakksmilliardær andersen tener pengar på uvanana dine - eller ein eller annan underbetalt russar eller fillipinar tippar lett i sistnemndes favør.

L&M er alle smuglarsigarettars mor - dei vert omsett på kaiar og lastebilhaldeplassar i kartongar med ti pakkar i kvar kartong. Prisen ligg frå 2 til 3 hundrelappar pr.kartong.

På pakken (som er raud og kvit og prega med bokstavane L&M) står det at røyking er farleg, og  kor mykje 'graps' han inneheld.

Tar 10 mg
Nicotine 0,8 mg
Carbon monoxide 10 mg

Eg er ikkje sikker på om det er mykje eller lite.

Og så står det med sølvfarga skrift i bittebitte små bokstavar: Made under authority of Phillip Morris Products S.A Neucatel, Switzerland.

Jaha.

Ein ellem smakar ikkje så forskjelleg frå ein annan sigarett - heilt klart ikkje betre - men ikkje så mykje verre heller.
Han osar ein del meir, og brenn litt fortare opp. Går fint an å inhalera.

Dersom ein først har lagt seg til den uvanen det vitterleg er, det å røykja, så kan ein liksågodt røyka Polakk-røyg. Først og fremst fordi han kostar ein god del mindre enn hundre kroner pakken.




Ingen kommentarer: