The new shit. Påskeharen testar the new Piren.


I den tida eg song i orkester og me hadde øvingslokale på Tau - ein ferjetur på førti minutt frå Stavanger - hende det nokon gonger at Arnstein, Vibstein, Carlstein og eg kom for seint til ferja og vart sitjande på upretensiøse Piren Pub og fjasa og drikka øl frå store glas i ein haug med gitarar, koffertar med ledningar, og bagar med musikkutsyr. Det kunne hende at me kom for seint til neste ferje og. Sjølv om det er berre femti meter å gå.
 
Piren si målgruppe (hvis dei hadde tenkt på noko slikt) var kanskje ikkje dei hippaste epla i korga. Veggane var i motibrystet-fargar, Indaren i baren fekk tyn av stamkundane når dei hadde fått for mykje å drikka, men han tok det med stoisk ro.
Dei brukte pengane sine på hans øl.
Han tenkte vel at det ikkje kom noko utav å forklara desse fortapte sjelene skilnaden på Indar og 'Pakkis (det var det dei kalla han)'.
Creedence, Abba, roxette på cd. Trubadurar på Laurdagskveldane. Slik har det vore i 20 år.
 
Men så gjekk eg forbi for eit par veker sidan og igjennom vindauga såg eg ein ENORM skjerm. Femtitusen tommar megahd. Fotballpub? Javisst. så vart det sagt. Runar kunne bekrefta at det var nye eigarar.
 
I går skulle eg treffa Trønderdegosen for å sjå landskamp. Eller. Mest for å snakka skit, eigentleg. Sidan Piren var vorten fotballpub og eg er grunnleggjande skeptisk til lysløypa downtown oljebyen på kveldstid, avtalte me å møtast der.
Kampen byrja kvart på ni, og då eg dansa inn i åttetida, dundra Shania Twain ut frå stereoen og klientellet (som likna mistenkeleg på dei som var der før) var i super stemning. Song med That dont impress me much.
Eg fekk ein Whisky, men eg måtte hatt mange fleire for å verta verande. Kan hende valium. I ei bøtte.
Multimegaskjermen var dessutan skrudd av.
 
Eg sette meg i ein krok og kika rundt meg. Dei hadda måla veggane kvite. Hengt opp skjerf. United, Wales, Sandnes Ulf. Eit bilete av Ryan Giggs frå før han vart skalla. Ein Oilers-drakt stifta fast ved monsterskjermen. Eg tenkte at det skal meir til enn ein svær skjerm, eit strøk maling og eit bilete av Ryan Giggs for å gjere Piren til ein fotballpub.
Dei kunne jo til dømes starta med å visa landskampar.
Og sjå no for helvete til å brenna dei jævla Shania Twain-platene. For satan.

Fann denne lenkja for dei som måtte vera EKSTRA interresserte.

http://erlingjensen.net/Restauranter/Piren.htm

Kommentarer

Anonym sa…
Ordkunst som din bør ikkje skjemmas av bannskap. Lars

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta