Bensinstasjonsroser

Eg styrer mot Pillevåg. Til fots. I min sjølvlysande jakke.
Ho er halv sju under gatelyktene. Trafikken er i ferd med å ta seg opp.
Der kjem han store med trillekofferten. Eg nikkar. Han går vidare utan å ensa meg. Lagar tydelige elglydar. Øøørf!
Eg går vidare. Kryssar framfor Shellen, og då ser eg han. Ein mann i tjueåra i tynn jakke.
Han stoppar opp, lener seg bak på hælane og tenner ein røyk med overtydelege bevegelsar. Mysar over gloa.  Han er dritings.
Kan hende han berre skulle ta ei øl med kameratar etter jobb, men så var det så kjekt og så vart det så seint.
Kan hende han tilogmed vart med på nachspiel ute på Kristianlyst eller noko. To mann og ein sixpack. rusa røyster over stereoen. Og så sovna dei til slutt. Over kvar sin halvtomme ølboks. Medan spotify spela Miley Cyrus The fox på repeat. Men så vakna han, frysen og fæl. Sjekka klokka på mobilen og faenihelvete. Stavra seg ut i entréen, fann skoa og jakken og styrte seg ned mot Shellen for å kjøpa røyk først.
Dersom du har nokon som ventar heime, tenkte eg, så bør du kanhende kjøpa med deg nokre bensinstasjonsroser.
Bensinstasjonsroser - det kunne vera ein god tittel på ein song. Eg var glad eg skulle på jobb, og ikkje til tørk.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta