Påskeharen testar dokketeater

Eg høyrte nokon som sa at FRP ville senka den seksuelle lågalderen med femti prosent slik at dei skulle ha større sjangsar på å finna åtte kandidatar til statsrådpostane.

Eg fekk ei kjempefin utfordring frå Frøken Figen: Testing av talefeil.
Talefeil som produkt er jo temmeleg omfangsrikt, og beggje ungane mine har mindre talefeil - Endre seier gåtte i stadenfor gjekk. Ingrid lespar bittelit.
Stamming. Der har du ein av klassikarane. Det er kanskje ein drøy påstand å seia at heile dialektar er talefeil, men slik kan det opplevas for utenforståande.
For å testa talefeil kjenner eg at eg treng litt tid. Eg tenkte at eg skulle gå for lesping, så i dag har eg flytta tunga fram til framtennenene og gjort nokon spede forsøk på jobb. Med å leggja om og utifrå det dra ein slags konklusjon på om det er bra eller dårleg. Problemet er at eg snakkar såpass mykje alltid, og dersom eg lespar så høyrest eg ut som eg er nokon annan enn den eg er.
I morgon får verte den offisielle testdagen.

Eg var på dokketeater i går, med ungane og Rållså. Det må formidlast no, mens det enno er varmt.

Reklamen sa Magisk figurteater og alt då vert forventningslista lagt ganske høgt.

Det starta klokka to i går, og vart vist i kjellaren på kulturhuset Sølvberget midt i hjartet av byen.

Det var heilt fullt med ungar der, og våre var blant dei som sette seg heilt framme ved kanten av scena, klare og vel så det.
Forestillinga tok utgangspunkt i kjende barnesongar, og etter ei kort stund kom det ut ei svevande dame med ein kjortel som det var sydd figurar på, og på mange måtar såg ho ut som tvillingsystra til Anne Cath Vestly  alias 'Kanutten' frå 60-talet, med gitaren under armen og heile den pakken. Og så byrja ho å synge, og det gjorde ho ikkje noko særleg bra, men det kan ein sleppa heilt greit unna med dersom ein viser vilje til å underhalda publikum. Born mellom 3 og 6 år elskar å tulla og synga og le og hyla høgt, men Kanutten og dokkedama (som og dukka opp etter ei stund) gjorde ingenting med den sprengkrafta som ligg i ei slik forsamling. Ikkje prøvde dei å dra igong allsong, ikkje tok dei forslag frå salen, nei, dei lista-seg-berre-rundt-i-sitt-ei-ge-un-i-vers. Som om det var ein plastfolie mellom dei og oss. Og eg prøvde å vera positiv, eg gjorde det. Men eg greidde det ikkje. Dokkene var fine, men framføringa var skuffande.
Ein einar av to moglege på terningen.

Det bør kanskje nemnast at anmeldaren hadde vore i bryllaup til klokka tre på morgonen og der hadde han konsumert øl og rødvin, akevitt, konjakk og sigarettar saman med Runar.

Kommentarer

Bergljot sa…
...men ungane dine likte det godt, sa dei. Kanskje du ikkje var i målgruppa, som me plar seie til mor når ho klagar på barne-tv?
paaskeharen sa…
Ahem. Ungar likar å ete bussefantar òg. Det betyr ikkje nødvendigvis at det er bra greier.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta