Den grøne sauen

Då far levde, og det var sauer på Kåda, og det nærma seg heiasending på forsommaren, vart eg ofte kalla heim for å hjelpa til med makking og maling av sauer og lam.

Det var ein temmeleg omfattande jobb. Det var vel snakk om kring tri hundre dyr, og først skulle dei teljast - at me hadde fått med oss alle - og så vart dei jaga inn i sauhuset puljevis og trengde saman i dei innste gardane. Så rigga far seg til med saueboka si, hang opp vekta og makkasprøyta i taket, og la ei skapdør flatt på tvers ove fôrgongen, den fungerte som skrivebord og malestasjon.

Det bruka vera eit hekkans leven - sauene og lamma som var komne vekk frå kvarandre gapa og brekte, og freista å nå fram til kvarandre, og far sto som sagt med boka og kulepennen, svett i luggen allereie før me hadde byrja på sjølve jobben. Han var kledd i ein lysegrøn kjeledress med påskrifta Sau og Geit på ryggen. Eg hadde vanlegvis ei av dei gamle dongeribuksene hans, som var alt for store, surra provisorisk saman rundt livet med eit belte. Det var min jobb å henta fram - fyrst lamma - og lesa nummera som stod i øyra deira, så løfta eg dei opp på vekta, som han las av og skreiv i boka, før han tok pistolen med slangen og den kvite væska, og stappa den inn i munnen på dei, og ga dei ein dose makkakur, og når kvart enkelt lam var ferdig voge, slapp eg det inn i ein garde, og merka det på nasen med ein fettstift, slik at me hadde kontroll.
Når me var ferdige med lamma, var det sauene sin tur. Slepa dei bort til far, sjekka for jurbetennelse, lesa av nummer, gje makkamiddel, og til slutt mala ein dæsj signalgrønt i nakken, og ein bak på ryggen. Dette for å enklare finne dei att når ein skulle hente dei ned frå heia på på slutten av sommaren.
Då eg var ung strekte eg meg langt for å imponera far. Meir enn han nokon gong visste, trur eg. Eg lengta etter anerkjenning, eller bekreftelse eller kva det no heiter på nynorsk, og eg var ein jekel til å gjera slikt arbeid. Eg har alltid hatt godt lag med dyr, og vore ganske sterk i armane, så eg plukka gjerne med meg to lam i slengen, når sjansen baud seg, svetten rann frå panna og ned i auene. Og alt lukta ramt av sau, og vifta i sauehuset klarte ikkje å halda lufta frisk, og ho vart ikkje friskare av at eg røykte tett under heile seansen.

2392 ! 15 kilo!

Ropte eg  då nåla på vekta hadde stabilisert seg, og bøylen med lammet svaia forsiktig frå side til side, mellom føtene hadde eg neste kandidat, og eg løfta han opp så snart eg hadde sleppt den første igjennom grinda.  Det gjekk tåleg bra med lamma. Han sa ingenting då eg tok to om gongen. Når han var nøgd sa han ingenting. Det hadde han lert av farfar. Enkelte dyr kjempa i mot, freista å koma seg ut av klypene mine, men dei fleste resignerte då eg la armane kring framparten på dei.

Denne eine gongen, eg held føre at me var ferdige med lamma, og berre hadde nokre få sauer igjen, og då fann eg ut at eg kunne ta to sauer òg, slepte dei mot der far sto, men då slo den eine seg vrang, men eg ville ikkje sleppa, men då eg slapp gjorde han eit byks, reiv med seg plata som var kontor-og maledisk, og fekk heile malingsbøtta over ryggjen. Heile sauen var grøn, bortsett frå hovudet og føtene, og om far ikkje var så god til å gje ros, så var han eit naturtalent når det kom til kjefting, og eg fekk så hatten passa, men eg strevde med å halda meg alvorleg, så det kan ikkje ha gått noko særleg inn på meg.

Då han skulle på samling på haustparten, var den grøne sauen ein av dei første han fann. Og dei andre heiakarane vitsa og peika og lo då dei såg han, men eg trur ikkje far lo.

Ikkje før fleire år seinare.

Kommentarer

Anonym sa…
Ser det for meg :-) Det er det som er fortellerkunst! Når den som leser ser det for seg.Det handler om å gi akkurat passe med faktainformasjon, men fortsatt gi rom for fantasi. Og i tillegg formidle stemning og følelser. Du er knallgod på det! Ikke en gang nynorsken dro det ned :-) Gro
Madame Mim sa…
Etter at du reiste ble det min jobb å skrive. Han leste opp. Det handte at han snudde tallene 5197 ble til 5179. Jeg fikk takk og alltid skryt for jobben. Jeg tror ikke han forventet like mye av meg som av deg.
paaskeharen sa…
Nei, men hadde du sølt et spann maling over en sau, så hadde han nok sagt fra :)
Anonym sa…
Fabelaktigt, man kan kjenne seg igjen nogen kvar.


Hilsen sauebonden

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta