Byas pyas pompompei

Eg undrast på når den dagen kjem, at eg kan reisa heim for ei helg og koma attende til byen og ha ei kjensle i bringa som er meir glad enn trist. Kanskje aldri. Tre år er i alle høve ikkje nok. Banda som bind meg til heimgarden min er sterkare enn eg trudde dei kunne verte. Dei stramar kring strupen slik at det vert vanskeleg å pusta fritt.

Det er fint å sjå ungane leike i ein bekk saman med Rållså. Sjå gleda deira ved å klemma på røyksopp så den grøne osen står som ei sky.
Det er litt skremmande å sjå kor uvande dei er med dyr. Eg tok dei med til ein nabo for å helsa på småkalvane hans, og Ingrid haldt seg for nasen heile tida, og dei torde knapt å ta handa fram for å klappa kalvane, og å la dei patta på fingrane var heilt uaktuelt.

Ungane våre er byasar og det er vår eiga skuld

Kommentarer

Anonym sa…
Du skriv så vakkert.
paaskeharen sa…
Takk for det. Etter å ha lest denne posten på ny kan eg sjå det: Eg tek syteblogging til nye og episke høgder.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta