fredag, september 27, 2013

Blodig alvor. Nananana.

Eg har berre jobba to dagar denne veka på grunn av sjuke ungar. Det var først feber som ikkje  ville gje seg, men i går kom snørret og hosten og harken, og brikkane finn sine naturlege plassar, men det tek tid, og i mellomtida har me oppheva alle restriksjonar og intensjonar vedrørande kosthaldet til Ingrid og Endre. Sukker? Juice? Brus? Ta ein slurk til. Vil du ha vafler? Druer? Bolla? Kakao? Et for faen. Et. Eit tydeleg tegn på sjukdom er når Ingrid ikkje vil ha druer. Då er det blodig alvor. Nananana.

Tradisjonen tru så har eg ikkje oversikt over dei gjeldande reglane for eigenmeldingar og hadde eg hatt det så hadde eg vore like langt, for eg veit ikkje kor mange dagar eg har brukt dei tolv siste månadane. Eg syter litt med å setja meg ned med formannen for å ta ein jønågong og sjå korleis eg ligg an med tanke på framtidige eigenmeldingar og om eg kva eg eventuelt skal gjere for å unngå ein karantene.
Eg har hatt karantene før (rett nok berre ein gong på sytten år, men likevel) seks månader. Det var relativt surt, men ikkje akkurat noko stigma.

Kryssar fingrane for at eg unngår det i 2013.

Ps: ungane er utruleg mykje meir tålmodige som pasientar enn dei fleste vaksne eg kjenner. Meg sjølv inkludert.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, min gode bror- nå også på nynorsk! Du er akkurat like morsom som før og jeg blir inspirert av å lese deg:) klem fra Fru Frekkesen

paaskeharen sa...

Hei, Fru Frekkesen! Finaste skrøytet eg har fått sidan Flein Frode sa at han ville spela i band med meg. Ps: Du er sakna i Bloggistan.