På grensa til harmoni

Det beste med den jobben eg har er slike morgonar som dette.
Fylle opp kaffikoppen, klatre opp i kranen, setje seg i stolen og akkurat få med meg at Sola strekk seg over ryfylke og lagar ei brei, glitrande stripe i gandsfjorden før ho byrjar på si vandring over himmelen.
Eg opnar vindauget og slepp inn luft som har fått eit skarpt, haustleg drag.
Eg senkar lossearmen ned i lasterommet og let tankane vandre.
Det er vel ro det som fyller meg.
På grensa til harmoni.

Eg har skrive nokon av mine beste tekstar her oppe. Til den monotone duren frå kompressoren. I akkurat denne stemninga.
Og ein heil del bloggpostar

Eg hadde det slik i ein periode, at eg freista å sjå på kva som dreiv folk til ekstreme handlingar og kva som kverna inni dei.
Mange tekstar vart for utvatna, vokabularet mitt på engelsk vart for skrint, slik at prossessen med å lage sangen endra innhaldet. Klemte inn eit ord her eller ei staving der. Vart halvt drukna i rockegitarar eller andrestemmar. Eller eg klarte ikkje å formidle stemningane slik eg opplevde dei i eit lossetårn ein haustmorgon mens sola steig over Gandsfjorden.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta