Testingtesting

I går, medan eg endå ein gong rusla under lauvverket i ein kveldsmørk Vålandsskog fekk eg ein idè.  Eg tenkte at eg kunne kommersialisera bloggen min for å nå fleire lesarar og auka engasjementet hjå dei eg har.
Eg fekk upåklageleg tilbakemelding når eg ba om innspel på tema å skrive om for ei tid tilbake. Vel, denne gongen vil eg gå lenger.
Eg tilbyr produkt-testing. Eg ser at det er i vinden der ute i bloggverda. Eg tenkte at det skulle foregå på følgande måte: Dykk sender ein mail til ei mailadresse som eg vil lage, og så gjer eg opp postadressa mi, og så kan dykk sende meg ting som dykk meinar bør testas. Det einaste eg kan lova er at konklusjonen etter testing kjem til å vera subjektiv.
For å overbevisa dykk om at dette KAN vera ein god plan, så vil eg byrja med å teste produkt som eg allereie har tilgang til.
Kva seier dykk til det? Hæ?

Kommentarer

jeg er halvskeptisk, men det er nok fordi jeg selv ikke fungerer i noe annet enn total frihet.

men om du selv tror det kommer til å fungere, så er jeg sikker på at det kommer til å bli bra.
paaskeharen sa…
Herlig med halvskeptikere. Født helskeptisk selv.
Anonym sa…
eg likar (i like )utropsteikn

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta