Er nå stemmerett for alle så lurt?

Eg prøver ut eit nytt konsept: Eg bloggar på nynorsk i protest mot stortingsvalet. Mot Siv Jensen som berre har ei utdanningspolitisk fanesak: Å fjerne nynorskfaget frå skulen.
Og sjølv om Erna Solberg er ei lita tøysejente, så veit eg at hennar parti har ein liknande agenda. Meir fokus på blåruss-faga, meir karakterar, mindre rålls.  Venstre stoler eg ikkje på. Og Krf trur eg dykk veit kva eg tykkjer om.
Eg er litt enig med litlesøster Frekkesen: Eg er ikkje sikker på om stemmerett til alle er så lurt. Når ein ser kor mange som har stemt Høgre, Venstre og Krf og dermed Frp fordi dei er 'lei' av Stoltenberg. Landet med verdas beste økonomi, verdas beste levestandard. Vi set JENSEN i posisjon fordi vi er lei av Stoltenberg.
Eg veit ikkje om eg skal le eller grine.

Kommentarer

rånni sa…
Personlig gir jeg faen og holder på med med ting jeg synes er kjekt.
paaskeharen sa…
I stemminga eller bekymringane?
Anonym sa…
Demokratiet funksjonerer ringt i dårlege tider; ekstreme grupper får som regel tilslutning, men dei same mekanismane verkar og i altfor gode tider. Grådigheit og likesæle er klare symptom på eit sjukt samfunn fullt av overflod og rikdom. Vi er ein nasjon av egoistar og sytepavar. Trist...

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta