tirsdag, mai 21, 2013

Tohundre mil igjen å køyre ( ei historie frå vegen i eit ukjent antal bolkar)

Det var ein gong ein familie på fire som skulle på tur til Hardanger. Det var ein vårdag i vakre kom mai du skjønne milde.
Det var to store og to små, og han største kjørte bilen, og ho som var nest størst bestemte kor fort dei skulle kjøre, og kor ofte dei skulle stoppe (og det var mykje seinare og oftare enn det han største ville ha bestemt), og før dei hadde kome så langt som til den første ferja - den som går frå Rennesøy - spurte den eine av dei små om dei var framme snart.
Han største som kjørte høyrte stemma frå far sin (som og pleidde å kjøre) som eit ekko frå sin eigen munn. 30 år seinare. Den irritable tonen

Ikkje spenn meg i ryggen! Då må eg ta av deg skonå.
Ska me stoppa nå igjen?

Ho nest største kalla han for 'Sint feriemann'. Som var spot on. Men feriemannen vart ikkje blidare av det. Kanskje tvert om.

Ole Jakob løyste av Karius og Baktus, som igjen sendte pinnen vidare til Ole Brumm.

Eg e kvalmen.
E me framme snart?
Eg e kvalmen!
Nå må me stoppa snart.
Eg vil ha bolla.

Me stoppa på Børkje og Ørkje og Førkje. Og noko som eg i mitt kokande indre døypte for
Børkjeførkjelid. Eit undersolt hol med ei vill, skummande elv på den eine sida av riksvegen, og ei stupbratt skogkledd li på den andre.
Klokka var passert leggjetid for vinter og vår sidan. Ho var ti over hall kjeften og vel så det. Somme meinte likevel at tida var rett, og at det var ein høveleg stad å lufte seg på, og dei små tok til palings oppetter fjellsida, med kvar si syttandemai-fløyte i munnen, som dei blas kraftige, lukkelege støytar i så papirfrynsene flagra.
Rållså lo av det udiskutabelt absurde i situasjonen, medan eg berre vart surare og surare.

Ungane var i umåteleg godt humør, og Endre visste at han skulle få ei bolle til kvelds, og omsider tok Rållså grep, og overtok rattet.

Eg hadde skrive heile skiten ferdig, men så tok ipaden og blogger felles grep, og sletta halvparten. Det var uansett for langt. Resten kjem i morgon.
Redaktøren.

2 kommentarer:

Hegeslilleboble sa...

Hahaha, herligt! Glede meg te resten:).

Anonym sa...

Utpåtur! Og bittelittsur! Fantastisk! :)