onsdag, mai 22, 2013

Reisa er ikkje nødvendigvis målet

Det vert sagt at reisa er målet, men det gjeld ikkje lengre bilturar på vestlandet med små born i bilen.

Rållså tok rattet og eg inntok kartlesarstolen (kartet hadde Rållså kjøpt på ein bensinstasjon - til protestar frå meg - kor jækla mange veier kan det ver? Det e faen ikkje Oslo me snakke om her!). Det skulle visa seg at eit vegkart absolutt hadde hatt ein slags funksjon - om det var såpass nytt at det viste vegen slik han var.No.
Men vestlendingar stikk som kjent av med nærare 150 prosent av vegløyvingane. Det er alltid et nes eller ein holme eller ein fjord som skal forseras, og hvis det framleis bur ei geit og eit par pensjonistar i nærleiken av desse stadene så lyt dei ha ferjestø, eller tunnel eller bru. Over sjøen, inni sjøen, under sjøen. you name it.

Kartet stemde ikkje med terrenget, og no vart den nye sjåføren òg sur. Ikkje på kartet (som var ufeilbarleg), men på idioten som freista å skjøna det (som var underteikna).

Då beit vi i det sure eplet og ringte til vertskapet og fekk anvist vegen som var ein skitlang tunnel igjennom eit fjell, og vi hadde knapt med tid til å nå ferja frå Jondal, og frå baksetet kom det krav om at vindaugene skulle vera rulla heilt ned, og alle forsøk på å forklare at det kunne me ikkje sidan me var i ein tunnel vart straffa med spark i ryggen på kartlesaren.

Eg e kvalmen!
Me e snart framme på ferjå, då ska du få komma ut.
Nei! Me E ikke snart framme på ferjå!
Alt i alt ein lite konstruktiv diskusjon.

Men plutseleg var ferja der, og den gode kjensla over faktisk å ha nådd henne (med to minutts margin) gjekk umiddelbart over i frustrasjon då Rållså reiv det venstre framdekket opp mot det opphøgde fortauet på ferja.

BANG! Punkteringa var eit faktum.

Og så starta jakta på det vidgjetne reservehjulet. Kunne det vere under bilen? Nei..Eg heiv ut all bagasjen i baki, men eg kunne faen ikkje finne noko hjul. Alt eg fann var ein boks skum, Men holet var alt for stort, og heldigvis hadde Rållså allereie starta jakta på vegredning.

Ho ringte Falken, og etter ein halvtime på hi side av fjorden kom det ein redningsbil frå Viking. Ut av bilen kom ein koseleg ung mann med olje på hendene, han fastslo at me trengte nytt dekk - me trilla opp bakpå lastebilen hans, og der sat me og såg Hardanger frå eit lasteplan.
Ungane hadde fått opp humøret igjen. For dei var dette eit eventyr. Mannen skaffa oss dekk og skifta det så fort som berre det. Eg takka han i svulstige ordelag med Endre på armen.

Og det var berre ein liten køyretur til, og så var vi framme.

Og godt var det.