Smells like prim spirit

Eg noterer meg at debatten om skulemat har blussa opp igjen.

Min skulemat vart i si tid ekspedert av mor mi. Heimelaga brød. To skiver. Prim eller appelsinmarmelade. Skeive auger på dei som fekk sjokade, nugatti eller saft.

På ungdomsskulen vart eg sjølv gjort ansvarleg for matpakka. Som regel vart ho ikkje smurt i det heile. Og ofte gjekk ho i søpla.
Eg var så rastlaus på ungdomsskulen. Eg byrja å røyke i staden. Det skulle gjera underverk med sexappealen. Det kunne hende at eg gløymde at eg hadde matpakke i sekken, for matpakkedepartementet var separat frå bøkene.
Og éin gong gløymde eg nista i juni, heiv sekken i et skåp, og tenkte ikkje meir på han. Ikkje før midten av August. Då eg drog sekken ut av skåpet. Klar for ein ny sesong. Eg kjende eimen alt då eg opna loket. Då lukta av mugg og brotne draumar og åttande klasse, og matpakken var grøn under papiret.
Hadde eg hatt kunnskapane, kunne eg kanskje ha laga ei biologisk bombe av innhaldet. Primbombe.

Men hadde ungdomsskulen på Hjelleland servert varm mat: hadde eg ete han? Eller hadde eg gått for sigarettane framleis? Hadde eg ete denne tenkte maten, hadde eg då kunna konsentrert meg betre - slik at eg hadde fått betre karakterar?
Hadde eg hatt ein toppjobb i eit aller anna firma?
Nei. Neppe.




Kommentarer

Anonym sa…
Hvem vet hvem vet.... jeg forsøker å tvinge sønnen min til å spise skolematen sin... han er ikke lur nok til å kaste den på skolen slik at vi merker at han ikke har spist... får håpe han ikke røyker... ! Enda en ting å bekymre seg over..
Elsker drøsinnleggene dine! Du burde definitivt skrevet mer og fått godt betalt for det... kan hende det forsvant med primen du.. ;) I :)
Madame Mim sa…
Du ble vel ikke godt nok fulgt opp hjemmefra. Jeg tror, at om du hadde fått et varmt måltid på skolen så hadde du spist, og karakterene dine var riktig bra, tatt i betraktning av det arbeidet du la ned. Hvorfor du ikke er diriktør for et verdensomspennende firma det vet ikke jeg, men jeg ville ansatt deg på timen.
paaskeharen sa…
Det ville - strengt tatt - ikke jeg. Men takk for støtten. Og for primen.
MM sa…
Og prisen for månedens beste overskrift går til....trommevirvel...PÅSKEHAREN!
paaskeharen sa…
Takk for det. Strålende plate.

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke