A man's world


Nokon som hugsar oppstyret som kom i kjølvatnet av innføringa av den såkalte 'kvinnfolksekken' på åttitalet?

Eg snakkar om då kraftfôrprodusentane som bytta ut kraftfôrsekkar som romma 50kilo med sekkar som tok 40.
Eg har som vanleg gjort dårleg research her, men årsaka til innføringa av desse mindre - og lettare - einingane skal ha vore at dei skulle verta lettare å handsama for brukarane.
I soga heiter det at mange - særleg eldre bønder - var rasande på denne radikale endringa. Dei meinte det ikkje var naudsynt å laga slike pinglesekkar og at dersom ein bonde (les: kvinneleg bonde) ikkje greidde å bera ein skarve femtikilos-sekk så måtte ho berre halda seg på kjøkenet der ho høyrde heime. Og så kunne ho berre overlata gardsdrifta til mannfolka.

Det har alltid vore ulideleg mange tunge løft og hardt fysisk arbeid knytta til bondeyrket. Mang ein rygg har vorte sliten ut som følge av påkjenningane.
Mekanisering og fokus på ein lettare arbeidsdag har - mange stader - redusert antal tunge løft vesentleg. Det MÅ jo vera vinnvinn. Eller?
Eg har til gode å høyra folk klaga.

Kraftfôr og handelsgjødsel vert stort sett handsama i storsekk og bulk i 2009. Eg høyrde likevel nyss om at felleskjøpet i desse dagar er i ferd med å krympa kraftfôrsekkane endå meir - rykta seier ned til skandaløse - 35 kilo.

Då er det vel slik at dei som er EKTE mannfolk med hår på kassen kan ta to i slengen. Og samstundes lengta attende til tida før traktoren og melkemaskinen og motorsaga og fôrutleggaren og silotalja.

Og så kan me byasar og kvinnfolk og andre svakelege ta tida til hjelp og nøya oss med ein om gongen.

I totusenogni er det heldigvis andre kriteriar som ligg til grunn for meistring av bondeyrket.

Kommentarer

Bolla sa…
For meg , som bor midt imellom "himmol og Tistel"
så er det lite hårete mannfolk å se. Jeg ser for det meste krokete gamle kraumer som har mer enn nok med en 40kilos sekk. Den sliter de febrilsk i , mens de skuer med langsynte gammelmannsøyne mot byen etter hårete sønner . Sønner som uten å sukke tar en 50kilos sekk under hver arm, og med sang i sinnet og sol i blikket går ut på nybråtet og lovpriser- - -
slitet?
Bergljot sa…
Jeg for min del ble distrahert av bildet. Og av at du er så stø i nynorsk. Jeg synes du skal skrive mer nynorsk.
paaskeharen sa…
Snart har eg ein baby under kvar arm, så du lyt nok sjå til Aust-Europa etter manuell arbeidskraft.
Minimalt med himmoler i verandakassane i rekkjefaret

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke