Høgging

Då eg  var 16, begynte eg som elev på vinterlandbruksskulen i Ryfylke.
Eg var yngst i klassen. Kurset var laga for bønder som ville ha fagleg påfyll i den mindre travle delen av året.
Det var med andre ord ikkje skreddarsydd for skuleleie 16-åringar, men eg treivst godt og vart effektivt halden på plass av dei eldre elevane.
Særleg eit par av damene, som behandla meg som ein litt irriterande veslebror.
i samband med skulen vart det - på slutten av skuleåret - arrangert kurs som ikkje var obligatoriske: mellom anna hadde organisasjonen 'Aktivt Skogbruk' to kurs der det eine heitte 'stell og vedlikehald av motorsaga'. Kurset handla om akkurat det som tittelen indikerte - reingjering, filing - bytte av sverd og kjede. Dei arrangerte eit kurs i hogstteknikk òg.
Eg tok med far si motorsag . ei gul Partner-sag, men ein kjapp kontroll frå kurshaldaren si side avslørte at kjedebremsen var øydelagt - brent fast.
Eg fekk låne ei sag av naboen.
Det var stort fokus på bruk av verneutstyr, alle måtte ha hjelm med visir og øyreklokker, vernestøvlar og vernebukse. Dette var kan hende den viktigaste lærdommen me henta på dette kurset, og seinare har eg aldri teke i ei motorsag utan å bruka verneutstyr.
Ellers var det ein del teknikk - korleis få treet til å detta sånn nokonlunde der du vil, og kvista det på ein effektiv måte.
Sjølve eksamen vart ei oppvising i offentleg audmjuking for min del: Me skulle fella eit tre kvar - ein om gongen - ikkje store greiene, rett nok - kvar sitt halvstore furutre. Dei som ikkje var i aksjon sto i ein halvsirkel på trygg avstand saman med instruktøren.
Då det vart min tur, styrte eg ein heil del med å setja felleskår for å få treet til å dette der eg hadde tenkt, men så tippa det feil veg, og eg merka det ikkje før instruktøren pikka meg på hjelmen og peika opp. Og så måtte han hjelpa meg, og det vart eit av desse augneblinka som gav mi skjøre sjølvkjensle eit skot for baugen. Kvistinga gjekk greit - då treet først låg der - om enn ikkje der eg først hadde tenkt.
Eg fekk likevel kurset godkjent, og heime på garden fekk eg røynt meg med saga så mykje eg ville. Hogga ved og rydda beite.
Ein arbeidsdag på vinteren ville fortona seg omtrent på dette viset: Først morgonstellet, så ete frukost med mor. Drikka kaffi, røyka og drøsa over kjøkkenbordet.
Så var det på med utstyret, nærast på ein sermoniell måte: Tjukke lodder innerst, sliten dongribukse, vernebukse med selar, støvlar - stive, tunge og klumpete med snøring bak. Blå fleecejakke, og ytterst ei oransje overtrekkstrøye i polyester, som far hadde kjøpt inn til vaktane då han var formann i Hjelmeland samfunnshus, men som vaktane hadde nekta å bruka. I desse trøyene var det kun ein lomme - ein brystlomme med borrelås, der eg hadde rulletobakken og lighteren.
Då eg hadde kledd på meg alt dette, lasta eg bensinkanne, motorsag, hjelm og fellespett over i skuffa på traktoren. Så køyrde eg så nærme hogstfeltet som eg kunne koma.
Det var fridom i dette arbeidet. Fridom, tillit, og ikkje så reint lite testosteron.
Eg styrte meg sjølve.
Og dersom treet bikka feil veg, så var det ingen irriterande instruktør som pikka meg på hjelmen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta