Svart Fredag


Dei fleste må forhalda seg til høgtider på eitt eller anna vis. Det er ingen som takkar nei til fri på dei raude dagane, sjølv om dei kan hende ikkje veit kvifor dei vert feira. Eller har planar om å ta del i dei.
Markeringane kjem tett, og særleg på våren ligg dei raude dagane som perler på ei snor.
Arbeidarane sin dag 1. mai – Pinsti, himlaspretten og nasjonaldagen.
Det er bra greier, det er me alle einige om.
Eg kjenner ikkje mange som helst vil jobba i jula og i påska heller. Så noko kan me takka kristendommen for, me som er skeptiske til innhaldet og utføringa òg.
Det finst òg markeringar som ikkje kvalifiserer til å vera raude, som mange likevel markerer: fødselsdagar, bryllaupsdagar, morsdagar, farsdagar, St. Patricks dag, Valentinsdagen, karneval, kvinnedagen, FN-dagen, Black Friday, St. Hans og Halloween.
Eg las ein stad at det var gjort forsking på kva for ei høgtid norske ungar likte best. Det viste seg at jula og syttande mai måtte sjå seg knust av Halloween.
Ingenting slår kombinasjonen "kle seg ut som noko skummelt og få gratis snop".
Så mykje for dei norske verdiane og tradisjonane. Listhaug og Borten Moe og Helleland har grunn til å vera bekymra.
Eg saboterte i mange år både morsdagar og farsdagar; eg såg dei som dårleg skjulte unnskyldningar for å få fart på forbruket. Mor ville veldig gjerne markerast, så som oftast ringte eg heim likevel, men eg gjorde ikkje noko meir ut av det.
St. Patricks day har eg ikkje så mykje imot. Eg har rett nok aldri feira han, men irsk musikk og øl har eg sansen for, så under dei rette føresetnadene, er det ikkje utenkjeleg at eg kunne ha late meg riva med.
Valentinsdagen er den nest verste. Ikkje fordi eg ikkje tykkjer at me skal feira kjærleiken, men fordi han blir framstilt søt og rosa og kvalmande som sukkerspinn. Aller verst er nok denne dagen for dei som er ufriviljug åleine. Ingenting kan vera meir stusseleg.
Black Friday: Av alle dårlege idear, er dette den verste. Mann av huse for å få kjøpa noko billeg, køar og slåsting. Menneska framstår aldri meir motbydelege enn i slike situasjonar; situasjonar der dei jaktar noko billeg i flokk.
Opphavet til dei tradisjonane som i varierande grad har vorte sugd opp i det norske samfunnet dei siste åra, er om mogleg endå meir diffust for meg enn opphavet til dei me har frå før.
Når dette er sagt: Det er ein tradisjon frå USA som eg faktisk kunne ha tenkt meg å feira, men som merkeleg nok ikkje har komme hit.
Eg siktar til hausttakkefesten Thanksgiving, som er ei av dei verkeleg store høgtidene i Sambandsstatane. Me har hatt ein variant av han her heime òg, Mikkelsmess, men denne vart visstnok avskaffa av danskekongen i 1770.
Ideen bak Thanksgiving er god. Det er ei feiring av grøda og familien og venskapen; ei takksemd for det ein har.
Kalkun, mais, graskar og søtpotet er ikkje slikt me vanlegvis et her. Men det burde ikkje vera vanskeleg å finna matrettar som svarer til desse, som lammesteik, tytebærsyltety, poteter og rosenkål. Og så kunne me eta dette saman med vener og familie, mens mørkret fyller stadig meir av ettermiddagen.
Heller det, enn å slåst med ein fyr frå Madla over eit fjernsyn som er sett ned med 30 prosent, og som ein ikkje ein gong treng, men som passar så jæskla godt på den hytteveggen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta