Attende til høvleruvleravlebenkjen

Igjen har det vore avvikla julemarked på steinerskulen i Stavanger.
Det fordrar litt meir frå foreldra dersom ein har ungar på denne skulen, meir i form av eigeninnsats og engasjement.
Foreldregruppa til den klassen som våre ungar går i er ein veldig fin gjeng, der mange har bakgrunn frå  Steinerskulerørsla, anten i form av å ha vore elevar sjølve, eller hatt foreldre som  har vore lærarar. Resten (som underteikna) har kanskje ikkje hatt noko som helst med systemet å gjera - før me skulle ta valet - og det er ikkje noko som me har angra på, sånn sett.
Men dette er ikkje meint til å vera eit forsvarsskrift for systemet, eller ei grunngjeving av dei valga som me har teke.
Det er mange foreldre som legg ned mange timar i dugnad for skulen, og det er inspirerande å ta del i noko som er så løysingsorientert i botn, at det er noko grunnleggjande positivt der, som ein ryfylking kanhende ikkje er så kjent med frå før, og som i alle høve ikkje speglar tida eller samfunnet rundt oss.
I år har me laga tresverd for salg til julemarknaden, andre har laga mat eller kaker til delikatesseavdelinga, og så har me hatt ansvar for fiskedammen.
Eg kjem attende med rapport frå fiskedammen, men først tresverda. Eg har vel aldri gått høgt ut på banen og fleksa skills innan bygg og handtverk. Det kjem mykje nok frå mi relativt låge tru på eigne ferdigheter, og avogtil er det eit problem. det kan og ha noko med den gongen i sløyden i åttande klasse då ein medelev lura meg til å spørja sløydleraren om eg kunne låna augnamålet hans.
I år skulle vi altså produsera sverd, og eg var ikkje overvettes sterk i trua. Det kunne ikkje verte så mykje verre enn for to år sidan, då me skulle fletta bordskånerar i tau, og eg sat i tre timar, med skamma brennande i kinna, utan å skjøna ein føkkings ting. Eit par av dei mest fingernemme damene fletta liksom ein med kvar hand, og då vart eg han dumme vesle guten igjen, som hjelpelaust ser seg rundt, og ønskjer seg til ein annan stad. Men det er klart at han dumme vesle guten passar betre i skalet til ein gut på åtte-ni, enn på ein 45 år gamal mann. Vi er dei vi er.
Rållså måtte gå på dei neste lagekveldane. Rett og slett.
Eg stilte som ein av dei første, ein formiddag i Oktober, og sløydsalen lukta spon og ubehandla tre, og det var fin stemning der inne, åtte-ti høvlebenkar langs veggane, verktøy i skåp, og eg fekk rettleiing av han som heiter Aleksander, som har vore primus motor for lagedagane dette året, og som har gjort ein kjempejobb.
Eg fekk to ferdigskorne plankar med oppstreka merke i blyant, tok ein høvel frå skåpet, spente fast emnet og satte i gong. Sist eg hadde befatning med ein høvel må ha vore kring 1984, så dette arbeidet sat ikkje akkurat i fingrane, og dette å få ting beint og jamnt og - ja - til slutt verte noko som kan minne om eit tresverd som kan selgast på ein julemarknad var ikkje noko eg såg på som ein sjølvsagt ting.
Det seig på med folk, og heldigvis var dei fleste meir effektive enn  meg. Og så juksa me litt og brukte ein elektrisk fres som bråka som eit helvete, slik at ein lærte å setja pris på stilla når han ikkje sveiv.
Det vart fleire slike lagekveldar og dagar, og det vart sverd som vart pussa og lima, og utskorne og mala, og handtaka vart surra med tau - drygt 30 sverd i talet - og det var ein fin ting å vera med på, med jamnt over god stemning,
Og fine sverd vart det òg! Og sleit ein med augnamålet, så var det alltid nokon ein kunne spørje om ein kunne låna deira.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta