Velkommen til fiskedammen

Dei fleste som har vore i befatning med fødselsdagselskap for born har vore med på ein eller annan variant av fiskedammen.
Kort innføring: du treng: ungar, egna fiskeutstyr, egna fiskestad (gjerne ned ei trapp eller over ein halvhøg vegg), og ikkje minst så treng du rett tal påsar med nøyaktig like mengder snop oppi.
Fisking foregår gjerne i selskapet sin siste fase, slik at deltakarane kan få i seg mest mulig sukker før dei skal heim og ete kvelds og legge seg.
Steinerskulen sin julemarknadsfiskedam er ein forseggjort variant, og framstår som ein av marknadens mest populære aktivitetar.
Me satsa på totalopplevinga, og det vart lagt ned ein heil del innsats - både i førebuingsfasen, i sjølve gjennomføringa, og i ryddinga etterpå.
Væpna med ein oransj drill  (drrt-drrt!) og ein brukbar porsjon innsatsvilje joina eg 5-6 av dei andre foreldra på Fredagskvelden. Haglbygene tømde seg med jamne mellomrom over skuleplassen, og i alle rom i alle bygningar var det hektisk aktivitet i samband med førebuingane.
Eg hadde ungane med, og etterkvart ei niese på toppen, slik at vi kunne ha nokon til å veive rundt i vegen og gå for lut og kaldt vatn, spørje med jamne mellomrom om kva tid vi skulle gå heim, og seie i frå om at dei kjeda seg.
Ein ganske ordinær, lys korridor vart forandra til ein magisk tunnel igjennom det imaginære havet. Tak og veggar vart kledd i tekstiler i maritime fargar, pynta med lenker med julelys, med glaskuler. slike grøne som vart bruka til å flyta garn før i tida, og Ingvild toppa det med å laga remser med stoff som minna om tare, og som hang ned i taket, og som på eit vis sneia atti alle som våga seg igjennom tunnellen. Er det ikkje akkurat slik havet er? Allslags løgnastare og krabbar og slike ting som kan sjå ut som noko,, men eigentlig vere noko heilt anna?
I enden av korridoren var det ei opning i veggen, der 'fiskestaden' var.
Og bak der, vart det sorter uhorvelege mengder med små leiker, påsar med klinkekuler, snurrebassar, små krukker med slim. små dokker, blyantar og notisbøker, hestesko, og så bortetter, som skulle plasseras i fiskereiskapen til ungane som kom på besøk.
I eit hjørne under tekstilane sette me ein cd-spelar som spela lydar frå havet. Bølgeskvulp, susande vind, og ein og annan båt som tuta.
Det var god stemning det meste av tida, med unntak av den halve timen eg trong for å få opp vasen på den eine lenka med juletrelys.
Vase er det verste eg veit. Utanom katta-soul. Og toto.
Me drog heim i mørkret. Ungane skrytte uhemma av kor fantastisk det var med el-bil, og at me kunne kjøra i kollektivfeltet om så var. Diverre var det ingen kollektivfelt å brifa i på vegen heim.

Då dagen var der, og eg sto oppført på førstevakta, så lødde eg ungane inn i bilen igjen, kjørte innom minibanken på Mariero og utstyrte kvart born med ein femhundrelapp. Økonomisk skulle det visa seg å vera ei katastrofe, men sosialantropologisk eksperiment hadde det ein ganske høg verdi. Seinare.
Eg gjekk på vakt, og ungane gjekk på sjølvstyr. To på åtte og ei på 10.
Eg møtte opp med crewet til fiskedammen. To stilte seg i rommet med gåvene, ein var fiskaren som tok betalt 20 kroner for kvart kast. Cash eller vips, og ein var ei slags maneda i som assisterte på fiskestaden i enden av korridoren. Dei kom inn to og tre om gongen, og for nokon av dei minste var det nok litt skummelt med han randøybuen som var utkledd som ei maneda, og som på sitt aller koseligaste ropte. HEI! VELKOMMEN TE FISKEDAMMEN! VIL DU FISKA?  KOR GAMMALE E DU? OG KA HETTE DU?
Alt dette var først og fremst for å få dei til å få litt feelgood, men antogfremst for at dei som skulle putta greier oppi fiskehåven, eller stonga, eller kva ein skal kalle det - skulle ha litt peiling på kva dei skulle velga til kvar enkelt.
Det var ein enestående arena å møta små og større menneskje på. Nokon var blyge, nokon var eplekjekke, nokre var tøffe i trynet, dei aller fleste var veldig åpne, og mange hadde ganske rare namn, og enkelte vil kanskje seia at det er stein i glashus, og nokre snakka ikkje norsk, og nokre vart kjempeglade for sine fiskar, og eit par vart rasande og slengte dei tilbake tit dei kom ifrå, og då måtte eg ropa inn at det var nokre som ville fiska ein gong til, for dei meinte at dei hadde fått ufisk, og når det kom nye greier oppi, så nøkka det så grassat i stanga, at du mest skulle tru at denne fisken var vill og galen, eller irritert eller noko.
Etter drøyt to timar vart eg løyst av, og med dette kom eg på ein smått genial plan for femtiårsdagen min - fiskedam for vaksne - det kjem eg attende til seinare, og dei tre økonomisk uavhengige ungane og.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta