Jenter som kommer og går


Då eg var yngre, las eg mykje cowboybøker og kriminalromanar - og i grunnen alt eg kom over av lesestoff - og særleg slikt med tøffe bilete på framsida.
Kriminal og kåbbåi har eg lese mindre av dei siste 15 - 20 åra, eg har notert meg at kriminal er særleg poppis rundt påske, og at dei lærde er ueinige i kva dette skuldast. Dei er visstnok einige om at det er eit særnorsk fenomen.
Breie lag av folket les krim heile året. Skandinavisk krim sel som hakka møkk, og inga møkk er meir hakka og lettseld enn Jo Nesbø sine bøker.
La oss bare få det sagt: Eg har fordommar mot Jo Nesbø, men dei er i stor grad relaterte til musikken hans, og hans sentrale rolle i eitt av 90-talets verste band.: Di Derre.
Det at eg ikkje har (hadde) lese ei einaste av bøkene hans hadde samanheng med at eg frykta for å høyra røysta hans på innsida av øyret medan eg las. Jentesjåmkåmmeejogjentesjåmgåj.
Det at eg likevel sette meg til å lesa ei bok av Nesbø - med eit ikkje alt for ope sinn - handla nok mest om at alternativa i hyllene heime på Kåda var ditto lite freistande. Særleg biografiane til forlengst avskilta leiarar frå politiske parti som står i bokhylla på 'mitt' soverom. Dei står der og trugar med å kjeda meg ihel. Mor heiv ikkje så mykje, for å sei det mildt, så ein del av bøkene har vore far sine, ein god del har tilhøyrt mormor, cowboybøkene har vore mine, og dei litt klissete paperback-romanane har ein gong vorte kjøpt inn av Bergljot, men det vil ho sikkert blånekta for dersom du spør henne.
Mange bøker er slike som mor fekk i posten kvar månad, i dei to bokklubbane ho var medlem av. Der er det mykje rart, men òg ein del klassikerar Hamsun, Graham Greene, Selma Lagerlöf og så bortetter. Dei bøkene står heilt oppunder taket i tømmerstova, oppå gardinbretta. Omslaga er einsfarga, og det er ikkje lett å skilja titlane frå kvarandre.
Men Jo Nesbø si Hodejegerne var lett å skilja frå resten, med framheva silhuettar av tre personar på omslaget, og trådkrossen frå eit kikkertsikte i hovudet på den i midten.

Eg opnar boka og byrjar å lese. Det å bruka detaljerte skildringar er eit godt reiskap for å dra lesaren inn i miljøet, mana fram bilete for henne eller han. Eg kjem attende med døme på dette. Nesbø pøsar på med detaljar frå side ein, der hovudpersonen presenterer seg sjølve på ein unorsk måte, han er så full av tru på sin eigen genialitet, at eg ønskjer han skoten på side to, eller i alle høve så snart som mogleg. Han heiter Roger Brown, jobbar med rekruttering og er (som han sjølv seier) nummer ein. Sjefen over alle sjefar. Han er best i landet, ja kan hende i heile verda på sin jobb, han har verdas vakraste kone, han har alt for høgt forbruk (eller HO har), og difor stel han kunst frå toppleiar-kandidatane som han intervjuar - samarbeid med ein fyr som arbeider i eit vaktselskap.

Dei første 30-40 sidene er ei einsidig skildring av miljøet på toppen, med detaljar som ikkje seier meg nokon verdas ting: Han var iført rustning fra Gunnar Øye, grå Ermegildo Zegnadress, håndsydd skjorte fra Borelli og et burgunderrødt slips med sædcellemønster, jeg tippet Cerruti 1881. men skoene var jeg sikker på var håndsydd Ferragamo. Jeg hadde et slikt par selv.
Forstår ingenting av dette. Fyren har dyr dress. Skildringane får han ikkje til å tre klarare fram for meg. Snarare tvert om. Han fjernar seg, Som ein ballong i vinden.  Om Nesbø sine mange lesarar veit kva han snakkar om her, sjå det har eg mine tvil om, men denne ex-lesaren gjer det som sagt ikkje.
Når historia kjem opp i turtal, så er det så mykje action at det fossar kring baugen, det er skildringar frå innsida av ein utedo, soving med lik, og ein situasjon der Roger må klyppa hôl på ein (daud)person med neglesaks av di han er fastklemd i eit baksete i ein bil  det er einaste måte å overleva på.
Det er så mykje turtal at det minner meir om teiknefilm for ungar enn om bok. Eg kjenner at eg vert litt svimme, eller kvalm eller beggje delar.
Det er dette biletet HER som tippar boka ned i ein på terningen: ...Og den svikefulle løgnersken hadde omfavnet blyet, den fallosformede kulen hadde trengt inn i henne slik jeg en gang hadde gjort. Aldri igjen. Nå var hun død.
Det er med andre ord jenter som kommer og går igjen. Sirkelen er slutta.
Etter dette - og før dette - har forfattaren vunne prisar og seld ein milliard bøker. Men unnskyld meg: det er faen ikkje sånn at noko nødvendigvis er bra berre av di det er populært. For noko jækla møl.
Neste gong eg er heime på Kåda, så vert det Muntre minner fra ting og torg av Johan J. Jakobsen frå 2005. Det kan ikkje verta verre enn dette.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta