Du er bra nok som du er

Introversjon kjennetegnes ved en dominerende interesse for egne tanker og følelser heller enn den ytre verden og sosial interaksjon.[2] Introversjon er karakterisert ved personlighetstrekk som tilbakeholdenhet, passivitet og stillhet.


Kilde: Wikipedia


Så på dette kurset som eg var på for nokre år sidan fekk eg bekrefta det eg har hatt mistanke om heile tida: Eg er av ein introvert natur. Det å gje meg sjølv eit slikt stigma, det å setje meg i denne båsen er ikkje noko som eg gjer med veldig lett hjarta, for det er som med diagnosar og med horoskop og innbilt eller ikkje innbilt allergi mot mobiltelefonar eller - ka faen heiter det ? - Mel? Nei - gluten.
Eller å peika på andre faktorar for at eg har vorte akkurat slik som eg har.
Ein del ting passar kan hende, og ein del andre ting passar gjerne absolutt ikkje, og Er det eigentleg så lurt å gå og kjenne så jækla nøye etter heile tida? Kunne det ikkje væra like greit å berre bita det i seg og akseptera seg sjølv slik som ein er?
Men nådde ein inn med eit slikt radikalt forslag, så slo ein vel føtene vekk under heile alternativbransjen. Eg trur likevel at folkehelsa generelt ville ha vore betre. Dei fleste av oss ville hatt godt av å tenka på noko anna enn oss sjølve av og til.
Det kan sjølvsagt vera slik at du verkeleg har liingar som kjem av at assendanten din er i løva, eller at ein av forfedrane dine vart rulla i mjøl som liten, du kan sei det til meg, og eg vil ikkje sei deg i mot. Eg vil himla med auene og tenka mitt. Inne i djupet av sjela mi vil det bobla av innvendingar, men diskusjonen vil eg ikkje ta. Ikkje på vilkår.
Eit av dei store spørsmåla i det som vert kalla verdas beste land er kvifor så mange av oss kjenner på at vi ikkje er bra nok. Eg trur dei fleste ( i alle høve dei med introverte fiber i systemet ) har hatt slike tankar.
Kan hende me alle skulle ha vore haiar, alltid i rørsle, utan dette behovet for å kjenna etter.
Men eg seier det til borna mine. Kvar dag. Du er bra nok som du er.
God helg.










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta