Ferdig mingla og klar for nye utfordringar

For fleire år sidan var eg på kurs i regi av bedriftshelsetenesta.
Det var eit ganske kort opplegg over to timar, og det var leiaren min som hadde meldt oss på, han og meg (i alle høve er det slik eg hugsar det), og lokala som dei rådde over då var veldig friske, hugsar eg at eg tykte, i eit toetasjars murbygg, som ein gong i tida hadde husa ein slags form for industri, og det var kronglete trapper med motiverande slagord på veggjen, og tregolv som knirka når ein trødde over dei, og oppe i andre etasjen var veggane måla i friske fargar og det lukta kaffe, og lukta av kaffe om morgonen er nok den beste lukta som finnst, og det var smilande damer i resepsjonen, og eg var eigentleg litt for skjeten til å vera der, og hadde ein hestehale som var raska saman i hui og hast, og vernesko som lukta gamleerik, og leiaren min hadde kan hende truffe litt betre med klea, men vore vel raus med aftershaven.
Meir og meir skulle det syna seg at me var to fiskar på land, eller eg var i alle høve fisk, han var kan hende meir ein krabbe, og me vart sitjande i ein lang korridor med kaffikoppane våre, og inn kom det - i eit jamnt sig - 15-20 damer i smarte draktar og dyre sko, og parfymane deira blanda seg til noko eksotisk, og utraderte etterbarberingsvatnet, og dei snakka høgt og mykje med kvarandre. og dei hadde nok førebudd seg betre enn eg hadde på temaet, og allereie før møtet eller kurset eller seminaret starta, så hadde fordommane mine blomstra, og keisemda må ha vore lett å lesa på meg, eg er ingen pokerspelar. Eg speler helst Mattis, og der er det heilt greit å syna kjensler.
Temaet var Ekstroverte og Introverte personlegdommar, kva som var typiske trekk og korleis beggje deler hadde fordelar og ulemper, og mange av damene var engasjerte, og særleg var dei ute etter å definera seg sjøl - forklara kvifor - finna unnskyldningar for at dei var akkurat slik som dei var - eller i alle høve er det slik eg hugser det - eg hugser òg ein mild irritasjon som vaks i meg, og allverdas kaffi kunne ikkje kurera kjensla av - lengten attende til havet - eg trur leiaren min greidde seg betre enn meg, og i ein kort pause med frukt og mingling, så var det ei styla dame i 30-åra, som tydelegvis dreiv eige firma som delte ut visittkort til dei rundt seg, og etter at ho hadde gjort det, så såg ho på meg og sa: Ja, vil du ha ett du òg, eller?
Eg ville ikkje ha visittkortet til dette mennesket. Eg sprella to gonger med halen og vart liggjande livlaus under eit bord med kursbrosjyrar.
Ferdig mingla og klar for nye utfordringar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta