Dag 2 Jørpeland

Jørpeland og Strand har hatt stor betydning for meg.
Det var hit vi reiste på åtti og nittitalet. Eg og plommetjuvane frå Årdal.

Utelivet i Ryfylkebyen trakk oss hit. Sjølv om jørpis berre kunne skilte med to uteplassar, så var det framleis to meir enn Hjelmeland og Årdal tilsaman. Ein halv time å køyre. 25 minutt dersom ein køyrde over Leite.
Dei tøffaste leita etter folk frå Tau eller Bygdå eller heiå som dei kunne slåst med.
Me andre freista å imponera dei lokale damene med dans og berusa smalltalk på Hermanns Hybel (seinare Ristaurante miralmar, willy knickersen, pearl harbour. I dag er det junkfood og bowling.) Det var som regel ikkje 'episk' som Pål Øystein brukar å seia.
Bygdisar frå Årdal og Randøy imponerte ikkje dei urbane Jørpisjentene.
Kvifor - det veit ikkje eg. Det kan ha vore dialekten, utsjånaden eller promilleinntaket eller slåstinga. Det får eg aldri vete.
Seinare byrja eg på Strand Videregåande. Fekk vener av begge kjønn. Ja, og etterkvart fann eg utav det der med jentene og. Kvinna i mitt liv er herfrå. Mitt livs lys og hjartets ledestjerne.
Ho seier at ho likar dei tjukke D- ane mine.
Alle band eg har spela i har hatt utspring her. Like frå Steamheads via morendoes og Tristania.

Eg har freista å bu her ôg. Eg budde i Vågen saman med Rållså og ungane i to år. Alt er temmeleg godt dokumentert i postane frå 2010 til 2012. Eg har vener her. Og verdas beste svigerforeldre/besteforeldre. Eg jobba åtti eller seksti prosent var heime med ungane to dager i veka.
Me var mykje ute og trilla med vogna, på Nordlys og i Barkavigå og på leikeplassen borte på Tungland, og rett som det var vitja me biblioteket her.
Eg er viss på at det fins dna frå mine ungar på Albert Åberg og Gubben Pettersen. For å seia det slik.

Strandbuen er venleg, omgjengeleg og over middels nyfiken. Det går ikkje an å gøyme seg her. Eg fornærma Bjerkreimsbuen før i dag. Vikeså er ikkje så vakkert arkitektonisk. Og sidan me først har vore innom temaet - det er ikkje Ryfylkebyen heller.
Skilnaden er at Jørpeland hadde eit fantastisk utgangspunkt med Vågen og Rosehagen, Verkshotellet og omegn, og ikkje veit eg kven som har ansvaret, men eg tykkjer det har vore forvalta på ein dårleg måte. Men eg har jo ingenting med det lenger. Alt i alt så tykte eg det var greit å bu her, men pendlinga var ingenting for meg.

Eg har høyrt rykte om at det har vorte annonsert tungt, dette arrangementet. Dessutan likte eg veldig godt rockestjerne-bildet i Strandbuen.
Eg håpar at det kjem litt folk, men det er ikkje ei forutsetning for at det skal bli bra.


Kommentarer

Anonym sa…
Takk for eit fint foredrag på Jørpeland i dag :-)
paaskeharen sa…
Takk for at du kom!
Janet sa…
Annonsert tungt? Vel,- Jeg får det med meg for seint, men kanskje jeg bare kan skylde på meg selv. Søren!
Janet sa…
Jeg leste jo SB men fikk aldri med meg sted og tid. Jo, jeg er visst helt fjern.
paaskeharen sa…
Tobarnsmødre (og fedre) har lov til å være fjerne. Det står i loven. Grunnloven.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta