Pass opp

Han var så gamal at han drøymde i svartkvitt
Røysta hans let som ei LP - plate.
Syttiåtte eller noko
Som ei  knitring i dei nedstøva rillene.
Då han banka på døra til nettbanken fekk han ikkje koma inn
I kid You not
Passord?
Neei
Alt var betre før
Og enklare
Han var så gamal at hjarta hans slo
Meir som av gamal vane
Til det stoppa
Slik som alle hjarter gjer
For hjarta er ikkje ein jævla evighetsmaskin
Han vart så gamal at han kunne ha vore ein optisk illusjon
Han vart så gamal at han hugsa ungdomsåra under krigen som dei kjekkaste av alle

Då han banka på perleporten visste han ikkje kva han heitte
Eller kva han skulle der å gjera

Passord! Sa han ved porten
Pass opp sjøl

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke