For kjødet er skrøpeleg vove

Eg ser The Wire på dvd for tredje eller andre gong.
Eigentleg har eg ikkje tid til den slags. Det fins andre ting eg kunne gjort i staden.
Det er betre ting. Men det er ikkje mange seriar som har så mange lag som The Wire.
Eg er på sesong 5. Det er ein scene der den forfylla politihelten Mc Nulty freistar å sjekke opp ei dame på ein bar. Eller eigentleg går han ikkje hundre prosent inn, for han plottar for å konstruere ein seriemordar som drep uteliggarar i Baltimore.
Men han er i Whiskyen, og i eit kort glimt kan ein sjå at kvinna i baren held politiskiltet hans i handa,
Det får meg til å le. Alt det som vert gjort for å innynda seg hjå potensielle patnerar.
I naturen
På nattklubbane
På dansegolv
På vorspiel og nachspiel
I fargerike skjorter, i skjørt som kan forvekslast med belter, i høge helar, med kassagitar, iført parfyme, Med tre liter voks i håret, blunking, lurne smil, småtafsing, kjøssing.
Det er synda eg beskriv, eller er det kjødet, driftene, i ulik grad.
Kjønnsdrifta er ei av føresetnadene for at me skal formera oss, men formering for formering si skuld er neppe den viktigaste årsaka.
Har eg høyrt.
God Søndag!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta