Handelens Dag i Ditt Distrikt - Revisited


Eg sit på ein ustø Europall
Og syng ein ny sjølskriven trall
om det innerste i livet mitt
På handelens dag i ditt distrikt
Ein full fyr står og ser på
Han klamrar seg til dama
Han seier: No må du snart sjå å spela
'Sweet Home Alabama'.

Stein Torleif Bjella


Me var ei helg på Sørlandet i fjor.
Heile klanen, i anledning bror vår sin 30-årsdag.
Det var fint. Kaotisk med sju ungar i alderen 0 til 10 år, men likevel fint. Den dagen me skulle reise heim, fann me ut at det kunne vere artig å gå på tivoli først. Rållså hadde lova ungane ein tur kvar på ein av tinga på tivoliet på Amerika-festivalen.
Det skulle vise seg å vere eit ultimatum, heilt utan rot i røynda.

Det var ikkje så mykje folk der, ein sundag føremiddag i kjølvatnet av DDE (som på vanleg vis hadde samla 1500 menneske på laurdagen, rairai)
Endre var heilt fortapt i radiobilane, men føtene hans var for korte til å nå ned til pedalane, så det vart til at han styrte og eg gassa, og den vesle kroppen sitra av pur køyreglede. Rållså og Ingrid sto ved sida av banen, og me gjorde ein og annan æresrunde bortom.
Men så stoppa bilane etter eit trompetsignal, og det vart fort klart at Endre ikkje kunne overtalast til å forlate kjøretyet på sivilisert vis. Rållså måtte løyse ein billett til (til førti kroner), og så kunne me køyre i fem minutt til. Han vart snurt etter den andre turen òg, og kasta vonbrotne blikk mot bilane, mens han, særs motviljug, forlet banen saman med meg. Men boller hjelpte. Boller hjelper alltid.

For dei som har pengar og tålmod, er tivoli ein perfekt aktivitet.
Dei som styrte med dei forskjellige apparata - strenge, middelaldrande menneske med austeuropeisk lynne - likte ikkje ungar noko særleg, for å seie det forsiktig. Nokre av dei burde kanskje sjå seg om etter ein annan jobb, då nittini prosent av kundane deira er born.
Ingrid hoppa på trampolinen i fem minutt, til nye åtti kroner. Ho var skjønn då. Det vesle andletet var fylt av lys. Alle smilte, unntatt Olga med billettane.
Problemet med slike tivoli er at freistingane er alt for mange, og me makta ikkje å seie nei til fleire aktivitetar: hoppeslott og rutsjebanar og karusellar.

Til slutt kunne me dra til Dagoberts svigersar for å gje eit kopplam melk. Ingrid hadde gledd seg halvt i hjel til dette; til å halde i flaska.
'Svarte-Petter', som lammet heitte, var enormt svært, og hadde alt komme i stemmeskifte. BÆÆÆÆ! ropte han, og kom styrtande mot flaska, vill i blikket. Og på den andre sida av gjerdet, sto den vesle dottera mi og heldt fryktlaust i den andre enden, medan ho vart slengt fram og attende av Grådig-Petter. Då han hadde tømt flaska, stakk han sin veg.
Det vart ei oppleving langt frå det eg hadde sett føre meg, men ungane var nøgde nok, og me var nøgde, og vel så det. Så då kunne me omsider tenkje på heimvegen.

Kommentarer

Anonym sa…
Kjekk blogg, som eg fann no i dag, og best er han på nynorsk. Viss du vel infinitivsending på -a, blir det endå meir ekte og levande. Med -e blir det ein viss avstand til det verkelege livet! No skal eg sjå om eg kan abonnera. :-)

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta