Blodig alvor. Nananana.
Eg har berre jobba to dagar denne veka på grunn av sjuke ungar. Det var først feber som ikkje ville gje seg, men i går kom snørret og hosten og harken, og brikkane finn sine naturlege plassar, men det tek tid, og i mellomtida har me oppheva alle restriksjonar og intensjonar vedrørande kosthaldet til Ingrid og Endre. Sukker? Juice? Brus? Ta ein slurk til. Vil du ha vafler? Druer? Bolla? Kakao? Et for faen. Et. Eit tydeleg tegn på sjukdom er når Ingrid ikkje vil ha druer. Då er det blodig alvor. Nananana. Tradisjonen tru så har eg ikkje oversikt over dei gjeldande reglane for eigenmeldingar og hadde eg hatt det så hadde eg vore like langt, for eg veit ikkje kor mange dagar eg har brukt dei tolv siste månadane. Eg syter litt med å setja meg ned med formannen for å ta ein jønågong og sjå korleis eg ligg an med tanke på framtidige eigenmeldingar og om eg kva eg eventuelt skal gjere for å unngå ein karantene. Eg har hatt karantene før (rett nok berre ein gong på sytten år, men likeve...