Velkommen til fiskedammen
Dei fleste som har vore i befatning med fødselsdagselskap for born har vore med på ein eller annan variant av fiskedammen. Kort innføring: du treng: ungar, egna fiskeutstyr, egna fiskestad (gjerne ned ei trapp eller over ein halvhøg vegg), og ikkje minst så treng du rett tal påsar med nøyaktig like mengder snop oppi. Fisking foregår gjerne i selskapet sin siste fase, slik at deltakarane kan få i seg mest mulig sukker før dei skal heim og ete kvelds og legge seg. Steinerskulen sin julemarknadsfiskedam er ein forseggjort variant, og framstår som ein av marknadens mest populære aktivitetar. Me satsa på totalopplevinga, og det vart lagt ned ein heil del innsats - både i førebuingsfasen, i sjølve gjennomføringa, og i ryddinga etterpå. Væpna med ein oransj drill (drrt-drrt!) og ein brukbar porsjon innsatsvilje joina eg 5-6 av dei andre foreldra på Fredagskvelden. Haglbygene tømde seg med jamne mellomrom over skuleplassen, og i alle rom i alle bygningar var det hektisk aktivitet i s...