Auren i Paddebekkjen

Heime på Kåda, på farsgarden min, rann det ein bekk som bar namnet Paddebekkjen. Han rann på nedsida avTrøsjehuset, igjennom pjuskete furuskog og myrlendte beite og ned til Tjødnå.
Eg skriv var fordi han vart lagt i røyr på eit seinare tidspunkt.
Det var ikkje mange far til son - aktivitetar vi dreiv med, far og eg. I alle høve ikkje av det slaget som var på mine premissar. Det var mest arbeid. Men då eg var ni eller ti år, fortalde han meg om auren i Paddebekkjen. Det var oktober, ein blank sundag, og bekken gjekk flaumstor. Seinare lærte eg at om hausten trekte fisjen opp i elvar og bekkar for å hekka eller gyta eller ha seg, eller kva ein vel å kalla det. Far laga ei felle av hønsenetting, synte meg korleis ein kunne demma opp med stein rundt på eit smalt punkt, og så kunne ein gå uti eller langsmed bekken med ein kjepp og jaga fisken nedover, til han hang i nettingen. Og så gjekk far, og eg sto igjen under fåretrenå. Dei spegla seg i bekken, som song mellom steinane.
Eg sprang som ein galen nedover, med kjeppen uti vatnet, og jaga mørke skuggar som sumde mellom steinane. Det var jaktrus, og hjarta truga med å sprengja brystet, då den første auren sprella i rusa. Han var ikkje stor, og han var brunleg då han kom opp i ljoset. Eg torde ikkje ta i han, så eg tømde han ut på ein stor, flat stein, og så dengde eg han med kjeppen til han slutta å sprella. Han berre låg der, livlaus, med open munn, og eg vart overmanna av dårleg samvit. Blikket hans var tomt og utan skuldingar. Eg skulle vel ha ønska at eg slapp å drepa han. Men korleis skulle eg elles kunne visa fram fangsten min når eg kom heim? Eg håpa eg slapp å ete han sjølv. Det lukta sterkt av fisk i den klåre haustlufta. Eg fanga to til på same måten, og drap dei på like desperat vis som den fyrste. Full av anger, og tjukk i brystet av skuld.

Då mørkret kom sigande, tredde eg dei på ein hank av hesjestreng og sykla heim; skritta over singelen og drog støvlane av mot trappa. Eg var blaut og kald på føtene, vrei ullsokkane og hengde dei over skaftet på støvlane. Så gjekk eg inn og la fangsten min i vasken på grovkjøkkenet. Det var ingen som ville ha aure til kvelds. Ingen utanom katten.
Året etter kom det eit par karar frå Hjelmeland Setjefiskelag. Dei køyrde ein firehjulstrekkar med tilhengar bakpå, og oppå tilhengaren sto det eit svært kar som var fylt med vatn. Den eine karen tok på seg støvlar som rekte han til heilt oppunder halsen, og då han trødde ut i bekken, hadde han eit batteri på ryggen og ein leidning hengande etter seg. Framfor seg heldt han eit slags langt skaft som likna på ein metalldetektor, som han førte ned i det kalde vatnet. Først skjedde det ingenting, men så flaut det opp fisk i alle slags storleikar, med buken i vêret - titals - hundretals - som den andre karen varsamt fanga opp i ein stor håv og sleppte oppi karet på tilhengaren.
Eg var mållaus. At det kunne vera så mykje fisk i den litle bekken! Setjefiskelaget dreiv med dette på hausten. Flytta fisk frå vatn i låglandet, for å setje han ut i vassdrag som var råka av kraftutbygginga. Fisken vakna til live i karet - sto og svaia med halen i botnen - tett i tett.
Eg vart tilsett av desse karane. Dei sette igjen to ruser til meg; ei med opning nede, som smalna inn mot midten, og ei som var til lagring. Den var meir som eit slags bur; begge turkise på farge.
Dei neste haustane var dette attåtnæringa mi. Eller hobbyen. Eg fekk betalt for kvar enkelt fisk eg greidde å fanga, og eg slapp å slå han i hel. Og heilt på slutten av året, pla eg å få tilsendt oppgjer og ein rapport der det vart ført rekneskap med kor mange fisk som var fanga i kvart enkelt vatn, og eg pla vel å liggja på ein plass mellom hundre og tre hundre aurar. Ikkje tonnevis akkurat, men det er fint å tenkja på at det kan finnast fisk i fjellvatna i Rogaland som er avkom etter auren i Paddebekkjen, og at dei vert avliva på ein betre måte enn det eg gjorde.
Og at dei kanskje vert etne av nokon andre enn katten.
 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta