Gult kort og tilsnakk


Når ein er eldste son på ein gard, så vert ein tidleg presentert for mottoet ’arbeid adler mannen’. Ein vert tildelt plikter.
I ettertid har eg ofte tenkt på kva det var som gjorde meg betre skikka til gardsarbeid enn dei to systrene mine. Det einaste svaret eg kjem fram til er at eg må ha vore mindre smart enn dei. Dessutan mangla eg mot til å seie nei. Ein digresjon.

Den første faste arbeidsoppgåva eg vart tildelt var å telje, jage inn og skilje dei dyrebare spelsauene til far. Dette skulle skje før det vart mørkt på kvelden, men ikkje FOR tidleg, skal vite. Eg må vel ha vore kring ni år når eg byrja på mi vandring mot å verte ein ansvarleg samfunnsborgar. På vekedagane var ikkje saue-jaging noko nevneverdig problem, då eg ikkje var av sorten som hang over skulebøkene i tide og utide.
På Laurdagane var det verre.
Klokka fire kvar Laurdag var det tippekamp på NRK. Dette var noko eg prioriterte høgt i barndommen, og no kom det i direkte konflikt med det nye vervet mitt.
Det var vel omtrent på denne tida eg fann ut at det ikkje var meg som var sjef i mitt liv, og det kom på mange måtar som eit sjokk på meg.
Eg trur sauene til far merka at eg var særskilt annig etter å få dei inn dørene i ein fei desse Laurdagane, og eg brukte kallenavn på dei som ikkje egner seg på trykk her. Dei oppheldt seg- utan unntak- så langt frå sauhuset som dei kunne komme. Det var eit mas å få lee dei med seg heimover. Når eg omsider hadde fått dei fram til sauhusdøra, var det ingen av dei som viste vilje til å gå inn. Eg var som sagt meir enn ivrig etter å få jobben gjort, slik at eg kunne få med meg andre omgang, som starta klokka fem. Men dei sto der og hang med trass i augene, tause og urørlege.

Etter å ha fått øydelagt tippekampen eit par Laurdagar på rad, utrusta eg meg med sprettert, og brukte den til å ta ut vingane for å få sauene inn dørene. Ein småstein i raua.
Dette fungerte heilt strålande, sauene skvatt til, og for inn døra, og eg nådde andre omgang.

Eg fortalte ikkje far om den nye taktikken min, for eg var vel innerst inne klar over at den låg i ei etisk gråsone. Men naboen må ha observert meg, uten å ha gitt seg til kjenne, og tipsa far om kva eg dreiv med.
Det vanka tilsnakk og gult kort, og eg måtte gå tilbake til å jage sauer på ’gamlemåten. I hvert fall dei Laurdagane eg visste at far var heime.

Eg har fått mange gule kort oppigjennom åra, og nokon raude og, men eg trur dette var det første.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta