Vise ord frå Farmor

2016 er forbi, ekspertane er samde om at det var eit godt under middels år. Eit som starta med terroråtak og dødsfallet til David Bowie, toppa seg då Donald Trump vart president i USA, og ebba ut med George Michael og Prinsesse Leia frå Star Wars, som òg gjekk bort.

Alle desse kjende menneska som gjekk i frå oss er ei påminning om at ingen av oss lever evig. Ikkje ein gong Lemmy Kilmister frå Motorhead.

Det er likevel den aukanda mistrua til menneskje frå andre kulturar, og legitimering av menneskefiendtlege haldningar som gjer meg størst ubehag med tanke på året som gjekk.

I møtet med mine eigne og andre sine fordommar ser det ut til at det er behov for sjølvransaking og påfølgande løfte om endring. Eit heilt nytt, blankt år med fargestiftar og tilhøyrande (relativt) friskt mot skulle i teorien vere egna til dette.

Nyttårsforsett vert gjerne begått i boblerus kring kvart over tolv på nyttårsafta, medan krutrøyken enno heng over rakettoppskytingsplassen, og klemmar vert utveksla mellom dei som enno er vakne og kan gjera rede for seg.
Og somme tider lovar vi ting som vi verken vil eller kan halda.

Dei fleste nyttårsforsett går på forbetring av eigen livsstil og utsjånad. Slutta å røykja, trena meir, ete mindre og sunnare, gå meir tur og så bortetter. Nyttårsforsett har ofte ei svak lukt av navlelo.

Klok av skade og innsyn i eigne begrensningar styrer eg unna desse tradisjonelle forsetta.

Farmor – som var eit klokt og forsiktig menneskje – varta til tider opp med visdomsord som hennar næraste kunne ta lærdom av, ofte underfundige i form, og eit av dei ho bruka mest var: Dei e fine som fere fint åd. Det vart som regel brukt i samanhengar der me skulle på fest eller ut ‘blant folk’, men må ikkje forvekslast med far sitt meir formanande : Du trenge ikkje vinna festen kvar gong.

Så i 2017 skal eg fera finare åt enn i 2016. Eg skal freista å lytta meir til mine næraste og respektera (litt meir) andre folk som ikkje deler mine meiningar, eg skal la vera å egla når eg vinn over sonen min i ludo.

Om alle for litt finare åt, så kunne verda verte ein litt trivelegare stad i 2017 enn ho var i 2016. Anten ein er utflytta bondeson, frisør på Bryne, statsråd i eit departement, fundamentalt religiøs, eller påtroppande leiar for den frie verda.

Eg vil oppfordra dykk alle til å fara fint åt  -  mot familien – mot dyr - mot naboen, mot kloden, mot tiggerar, mot dei du arbeider  med, mot dei med skaut og mot dei utan.
Og ellers vonar eg at dykk får ei overmåteleg bra helg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta