Sju veker i April

Eg veit ikkje dagen
Eg veit ikkje timen
Du symde mot ljoset
Eg bia i kimen
Eg tokka meg ikkje
Men sto som ein tosk

Tanken var aldri så fri som i går
Og orda sat aldri så laust
Eg rådde kje med deg
Eg nådde kje kle meg

Du må ha høyrt vind
Før han strauk deg mot kinnet
Eg såg deg, men kunne ikkje sjå deg
Strekte meg mot deg, men kunne ikkje nå deg

Ho styrte mot porten
Eg levde av panten
Ho dansa kje med meg
Men frå meg
Det var kje plent det at ho gjekk, men måten
Mørkt som natta
Djupt som havet
Ho reiste om natta og sov om dagen

Eg visna på rot; ja eg bia i kimen, eg var nok lynolen og du var nok limen

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta