fredag, desember 23, 2016

Englar og snøen

Det er julaftan 2014. Dagen startar som vanleg kring 0600. Men me merkar ikkje så mykje til den berømte julefreden. Ikkje enno. Først skal me igjennom det obligatoriske stresset om morgonen, som alltid når me skal nå noko, mens to par barneauge sit halvt hypnotiserte av Julemorgon på fjernsynet: Finkleda som ikkje er strokne enno. Utveksling av gåver med søskena mine; klemmar i all hast. Til- og frålappar som manglar. Baggar og bereposar plassert ved utgangsdøra. Eit tidsskjema som berre held, dersom eg held trykket på. Eg vart nemleg fødd ti minutt for tidleg. Min andre og betre halvdel vart fødd fem minutt for seint. Det er ein uslåeleg cocktail, kvar gong me skal ut døra: Småspringa mot bussen, med slipset vrengt over aksla. Bussen, som kanskje er på tida.  Frå bussen til ferja, som er full av andre menneske i meir eller mindre tilsvarande situasjon, som skal feira jul i Ryfylke. Ein eim av parfyme og barbervatn. Klapring av høge hælar mot linoleum.
På Tau ventar svigerfar, pappa, privatsjåføren, julenissen, og ikkje minst: Bestefaren med stor B. Det er forventning i lufta, og høge, ivrige barnestemmer. Og på Jørpeland ventar svigermor, mamma, kjøkkensjef, omsorgssjef, planleggingsminister og Mommo med stor M.
Dei skal i kyrkja, men ikkje eg. 
Eg skal hente mor på Randøy.  Eg køyrer litt kvassare enn det som er lovleg, mest av gamal vane. Det er lite trafikk. Svingar opp bakken på Kåda. Køyrer rolegare på vegen tilbake. Høgre framhjul på den kvite stripa. Mor snakkar om far. Eg seier ikkje så mykje.
Det vart jul, det vart pinnekjøt og riskrem og onkel Asle, som hadde kjøpt altfor dyre presangar til ungane, og papir som flaut, medan me åt kake og drakk kaffe. Og eg kunne ikkje fått pressa ned ein einaste bit til. Og ein son som sat i fire timar i strekk med legoen, og ei dotter som dansa over golvet med den nye Frost-kjolen, med draum i blikket.
Det verkelege høgdepunktet kom då eg køyrte mor heim igjen i åttetida, og det byrja å snø store snøfiller, akkurat då me kom til Vatne. Snart sto snøen kring bilen, som om me var i eit hemmeleg rom. Og på bilradioen spela dei Jussi Bjørlings O helga natt. Eg skrudde opp lyden, og me var inni det tette, kvite snødrevet, som i ein David Lynch-film: Aleine i verda, i eit hemmeleg rom, eller i ei snøkule som hadde vore rista kraftig i ein magisk dimensjon. Og musikken fylte meg heilt i julekvelden. Og på Jørpeland låg ungane og sov, mjukt mot kvar si pute. Og garden heime låg som eit julekort. Og på gravplassen over huset blafra lyktene under Randåsen.

Eg bar mor sine gåver inn, ga henne ein klem og køyrte tilbake mot Jørpeland for andre gong, og i Bjørheimsbygd var det ungar ute og hadde snøballkrig og laga snømenn. Og englar i snøen.
Med dette ønsker eg alle ei god jul.
Juleharen

Ingen kommentarer: