fredag, desember 30, 2016

Om å køyra buss i mørkret

Om å venta
Om vind mot andletet
Om kan hende å høyra han før du kunne sjå han
Bussen
Om lysa som skjer seg igjennom mørkret

Om å halde ut armen
Om når han stoggar
Om å kjenne varmen frå - kupeen?
Om det korte nikket frå sjåføren
Hei
Om å ta seg bakover med hendene på seteryggane
Om armane som liksom går først og føtene etter
Augene til sjåføren i spegelen
Den litt brå oppstarten
Om å ta av  seg sekken før ein set seg. Setje han mellom beina.
Om duren frå motoren.
Om det raude lyset i masta på Lauvåsen-sendaren
Som ein draum
Og panna mot ruta
Og svevnen i augene
Om reisa til
Eller frå