Bygdedyret


Eg snubla ein gong og gjekk på trynet, slik møtte eg første gong
Bygdedyret.
Eg låg i grøfta og blødde, og kjende meg krank og svak –
bøygd under blikket til dyret, vridd
i eit strupetak.

Bygdedyret har auger som ser, øyrer som høyrer, og hender som ber,
Og siklande, vidt opent gap.

Ei gryande trass i meg vakna
Frå slumring i hine år –
Og alt som før visna og spakna – gav føde og vart til eit bål.
Eg reiste meg opp og reiv pisken – ut av dyrets grep, og
Rasande let eg han falle, slik tvinga eg beistet i kne.

For alle du dolka i ryggen, og såra i gjerning og ord,
Alle dei svake og rare du kua kvar enn du fòr.
Alle som ikkje passa i småruta Bygdedyr-land,
Og glansbiletet rakna.
Sjøl om du trudde du vann.

Kommentarer

Applaus igjen. Gleder meg til diktbok.
Anonym sa…
Flinke man! Jeg vil ha mer fyllehistorier. Dem er alltid godt fortalt og appelerer til til ur mennesket i oss...
Rållserau sa…
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
beelzebub sa…
Veldig bra! :)

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta