Eit juleeventyr


Det byrja med ein slags ideologisk innfallsvinkel til forbrukarsamfunnet generelt og jula spesielt i fjor.
Kva med å gje ei oppleving i julepresang, heller enn ein haug med billig skit i plastikk?
Det er konsensus i hareheimen om at det er eit godt argument.
"Me" er onkel og tante til ein heil gjeng med flotte ungar i alderen 14 til 2 - sju i talet. Med våre eigne vert det 9 kids.
Me inviterte dei fire som er nokolunde i målgruppa på Putti plutti Pott, pluss overnatting.
Fru Harens var orgeminister.
I utgangspunktet var det òg ho som skulle vera med, men det hopa seg opp med arrangement på andre frontar òg.
Det var Steinerskulen sitt Julemarked, der alle foreldre er meir eller mindre engasjerte, og så var det ein førtiårsdag som kona var invitert i, og då vart det meg som måtte vera ansvarleg.
Draumen om eit par rolege halvlitrar og Southampton - Liverpool på Sportscafeen vart nedskoten før eg fekk sukk for meg.
Det regna tunge, kalde dropar; det var fem/seks grader og bles godt der me småsprang frå Kristianlyst og ned mot Hillevågsveien.
Seks ungar og hyrdeharen.
Heile gjengen var dårleg utrusta for opphald i pøsregn, og dette gjorde at lagleiaren maste meir enn han elles likar å gjera, utan at flokken lét seg affisera.
Det var strekk i laget, og då me endeleg kom oss i ly under busskuret, var fleire av oss temmeleg blaute. Men hekkan for ein fin gjeng: ikkje syting eller klaging, berre glede over å vera saman.
Regnet var ein del av eventyret. Små andlet under hetter. Kalde fingrar, gøymde i jakkeerma; pepperkaker til utdeling.
-Når komme bussen?
-Om fem minutt
-E´ det lenge?
Då han kom, dytta eg heile banden inn dobbeltdøra bakarst, stempla flexikortet og svindla med dette Kolumbus for ein femtilapp, utan at det dårlege samvitet plaga meg noko særleg.
Nokre frynsegode skal ein ha. Lat oss berre seia at eg inkasserte ei bot for den verdskjende servicen me opplever kvar dag som reisande.
Mi eldste, oppvakte niese spurte om eg hadde betalt for alle 'Hysj! Me snige'.
'Ja, men koffor sjekke ikkje sjåføren billettane?'
'Han har ´kje sjans, men någen gonger har di kontroll - då kan du få ein tusing i bot.'
I sentrum hadde ikkje regnet gitt seg, og det er ein heil tur bort til Konserthuset.
Og på vegen bort hang det to lyskastarar over ein Justin Bieber-plakat ved Beverly, eller den eine hang, den andre vandra, og det tykte ungane var heilt ufatteleg fantastisk og kult.
Det var null-null mellom Southampton og Liverpool.
Eg sjekka telefonen medan me gjekk over dei blå lampane i skiferen. Eg tenkte at dersom det regnar slik når me skal heim, tek me ein maxitaxi.
Endeleg kom me inn på Konserthuset. Det var herleg og lyst og varmt, og me var tidlege og hadde mykje av det fine bygget for oss sjølve. Regnet rann i bekker over dei enorme vindusflatane, og i samarbeid med ei hyggjeleg dame i billettluka, fekk eg ut dei sju billettane.
Nevøen min og eg hadde ein passiar med ei anna dame som jobba der, som var Chelseafan. Det er normalt ein skikkeleg turnoff for min del, men Conte - trenaren deira har eg sans for. Han har milde augo, stort engasjement, og ein stil som om han kunne spela  i Pulp Fiction.
Han kunne stått midt imellom Samuel Jackson og John Travolta og halde  9- millimeteren sin litt sideslengs og sagt noko tøft.
Det var det einaste positive eg kunne seia om klubben.
Ho sa noko fint om den tyske trenaren vår og fekk ein pluss i margen.
Og så foreslo ho at me kunne setja oss oppe i skinnstolane. Det gjorde me med glede.
Me var framleis nesten åleine i Konserthuset.
Me gjekk forbi ein puttipluttipott-salsstand der dei selde julete effektar til born til skandaløse prisar,
før me sette oss i dei djupe skinnstolane med ryggen mot regnet.
Nevøen og eg fann - til vår store glede - eit strålande, trådlaust nettverk, kopla opp mot Sumo - og forsvann inn i andre omgang av Southampton-Liverpool.
Det vart ein heil del brøling og frustrasjon over brente sjansar. Antakeleg meir enn kva som var vanleg i desse lokala. Nevøen min på 13 smilte og kikka seg rundt, og eg er enno ikkje viss på om han beundra eller var flau over den engasjerte onkelen sin.
Dei minste borna gjekk på oppdagingsferd i bygget med dei skinande korridorane, leande og småspringande, innimellom 2-3-4 toalettekspedisjonar.
Det kom fleire nisseluekledde, forventningsfulle ungar; besteforeldre rulla i parfyme og aftershave, foreldre med mobiltelefonen i den ene handa og ein unge eller to i den andre.
Flokken min oppførte seg eksemplarisk. Dei største passa på at dei minste var med, og eg hadde over åtti prosent kontroll. Me gjekk opp trappa og fann plassane våre. Den eldste niesa mi sa snusfornuftig at dei som absolutt ville sitja ved sida av kvarandre, måtte få velja plass, men det vart nedstemt av meg.
- Eg bestemme. Alle sitte der di sitte!
Det har vorte laga mykje søppel og elendig musikk og sjokkerande, dårlege show og konsertar merka med merkelappen 'Jul'. Faktisk så mykje at det har blitt ein eigen sjanger.
Innholdsmessig er Putti Plutti Pott heilt i botnskiktet i så måte.
Onkel Per og Petter og Caroline får besøk av ein liten nissegutt (PPP). Han dett ned i peisen deira, og har knabba eit trylleskjegg (!). Dei dreg til nisseland, der ein agent (nisse med solbriller og frakk) stel skjegget frå dei, men det går bra til slutt.
Alt er kompa med overarrangert orkester-gladjazz, som er ein prøvelse for mange av oss som har ein viss kritisk sans når det gjeld musikk.
Til alt overmål er musikken på boks, medan synginga er live.
Sånn sett er det å gå på denne førestellinga omtrent som då eg dansa med tøysjiraffen Lollo på Mallorca for to år sidan.
Det er så krampaktig koseleg at det får Vidar Lønn-Arnesen til å verke som ein melankolsk og mystisk fyr.
Men livet er fullt av kompromiss: Alle dei seks ungane eg hadde med meg - frå 7 til 13 - koste seg.
Eg sat og kikka på dei då dei lo og ropte til dei på scenen: NEI! DU GÅR FEIL VEI! Dei song med på songane, og dei likte faktisk dette mølet. Veldig godt.
Ein kan ikkje vera prinsipiell surpomp når ein er med ungar på show.
Skodespelarar og dansarar og regi og kulisser - alt det der var heilproft.
Etter ein times tid var det pause.
Ungane ville sjølvagt ha noko i kiosken. Dei var seks stykk. Stive prisar. Dei eldste var så beskjedne at dei tykte det var 'alt for dyrt' for meg å kjøpa til alle seks. Hjartet mitt knuste med eit skjørt lite pling.
Det blei ein kartong juice på kvar, og to rullar Smil på deling. Eg hadde eigentleg tenkt å kjøpa risengrynsgraut, men allereie då vi sto i køen, opplyste røysta på høgtalaren om at det var fem minutt til andre akt skulle starta.
Det var mykje av det samme. Vaksne og ungar som liksom var nissar, framoverlente med skøyaraktige blikk, overdimensjonerte øyre, og hendene på knea.
Flørten med salen - med hovudvekt på dei yngste - heldt fram med uforminska styrke, og den generelle stemninga var aldeles upåklageleg.
Kvifor regissøren hadde bestemt  at 'reinsdyra' skulle spelast  av jenter i slutten av tenåra, iført pinntronge, avslørande trikotar, veit eg ikkje.
Ein eg kjenner meinte heile førestellinga var 'pedofil' på grunn av dette. Det får stå for hans rekning, men jeg skjønar kva han meinte, for å seia det slik. Ein treng ikkje ha særleg skitten fantasi for å sjå at reinsdyra hadde ei forhåpentlegvis utilsikta seksuell utstråling.
Me gjekk frå Konserthuset i flokk, og ute hadde regnet gitt seg. Og på veggen på Beverly blunka Justin Bieber lurt i novemberkvelden.
Neste år blir det Svartnissen, tenkte eg for meg sjølv. Og trilla en syltynn toar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Mablis 2019

Bonde i fra bygda