Muammedanisme og hårmotar


Eg tykkjer ikkje at finlandshetter burde brukas i det offentlege rom.
Det er noko med det at ein ikkje kan sjå andletet til den som har finlandshetta på.
Det er ellers rart det der med hår og hovudplagg og kva som er greit og ikkje.
 I millitæret var det forbode å ha noko på hovudet inne, og likeeins å ikkje ha noko på hovudet ute, men i millitæret er det jo så mange tullereglar. I millitæret måtte alle ha like luer òg, akkurat som i Napoleon med sin hær.

Men ser ein på historia til det sivile, så er ikkje den så mykje betre. Etter krigen vart jenter som var mistenkte for å ha hatt fysisk kontakt med (eller pult med) tyske soldatar skamklypte av store mobbar av vaksne menn. Eg har sett bilete. Det ser ikkje bra ut.
Kva er det med dette håret? Då eg vaks opp var det ugreit å ha lue eller caps på seg ved bordet. Då eg hadde langt hår på 80 og 90 - talet var det mange som hadde -  til dels sterke - meiningar om dette - særleg godt vaksne menn - som hadde ei forestilling om korleis gutar og menn skulle sjå ut.
Du ser du så ei jenta var det ein som sa til meg ein gong. Eg var 27. Han var først i 60-åra. I sin iver etter å flagga fordommane sine, hadde han gløymt å kneppa gylfen.
Du e bare misunnelige. Og gylfen din e åben.

Eg tykkjer ikkje at folk skal bry seg så mykje med håret til andre folk. Eg tykkjer ikkje at folk skal bry seg så mykje med om andre folk går med skaut heller. Dei om det. Det treng faktisk ikkje bety at dei vil ta over verda.
Hadde det ikkje vore for at eg er så stygg med skaut, så skulle eg jaggu begynt å gå med det sjøl.
God Helg!


Kommentarer

Unknown sa…
Hahahaha 😂

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta