Er me framme snart?

For ei tid tilbake reiste eg heim til Randøy med ungane.
Eg har vage minne frå sjølv å vera fire år, saman med mor og far og syster mi, ombord på Hjelmelandsfjord, med kurs for Sandanger. Det vert sagt at far pla å hausta skryt for godt oppdregne ungar; at me sat som mus heile turen.
Som regel brukar eg å køyra Ryfylkevegen, men det har ofte endt i spying, noko som igjen kan skuldast at eg har ein noko offensiv køyrestil på den svingete vegen. Det påstår i alle høve Rållså.

Men me skulle reisa med hurtigbåten. På ryggen hadde eg ein sekk, og så hadde eg ein fireåring i kvar hand. Det var intenst mange folk som skulle reisa med akkurat den båten. Det hadde sikkert noko med høgtida å gjera.
Eg er ikkje akkurat glad i kø; i å stå og vagla mellom hyttefolk med bikkjer og koffertar og barnevogner, og skuleelevar med baggar fulle av skittentøy, som dei har teke med seg heim frå dei små, overprisa hyblane sine på Våland og Storhaug, der vaskemaskin ikkje inngår i husleiga.

Eg snakka høgt med ungane heile tida. For å roe dei. Men like mykje for å roe meg sjølv. Dei var eksemplariske. Heldt fast i kvar si hand. Let meg føra dei, blindt tillitsfullt, igjennom folkemengda, utan spørsmål eller innvendingar.

Dei hadde nok gledd seg lenge, og særleg Ingrid, som er - om ikkje akkurat tenkjaren av dei to - definitivt den som spør mest og snakkar mest. Og kommenterer alt ho ser på direkten, medan ho samstundes dreg konklusjonar, løftar himmelen og utvidar horisonten i si relativt beskjedne verd.
Me er heldige. Me står langt framme i køen, og får manøvrert oss inn på tre sete på babord side i båten.
Eg set meg ytst, for å vera ei fysisk sperre mot fri galopp i dei overfylte fellesområda.

Det tek ei stund før båten kan gå.

Eg las ein stad at tida går seinare for små enn for store. Slik kunne det sjå ut.
Det tok ikkje veldig lang tid før dei byrja å klatra i vindauga. Til potensiell irritasjon for medpassasjerane våre.
Eg veit ikkje om nokon som er så redde for å vera andre til bry, som oss nordmenn. Men det gjeld mest dei vaksne.
Ungar bryr seg ikkje om slikt. Det er både frigjerande og irriterande på ein gong.
Men me som skal vera vaksne, vil ikkje at andre vaksne skal oppfatta oss som usympatiske og irriterande kjefteforeldre heller. Me vil for all del ikkje VERA slike heller, men sjølv om me kan vera det, så er det nesten verre at andre kan sjå det.
Eg er jo mann aleine på reise med to små, så eg møter ein god del smil og velvilje. Særleg frå den kvinnelege delen av våre medreisande.
Men eg sporar ei og anna himling med auga òg. Eg greier på mirakuløst vis å avgrensa verbale trugsmål til eit minimum, og så er me på veg. Og endeleg skjer det noko som kan - i alle høve midlertidig - dempa noko av keisemda til engleborna.
Begge vil sitja ved vindauget, men der er det bare eitt sete, og difor sit begge i vindaugskarmen - med beina i setet - sikkert eit brot på sikkerheitsreglane, men det står sin prøve.
Me har såvidt passert Hundvåg-brua, då Ingrid for første gong spør: E me hos farmor nå?

Då har me (ifølgje rutetabellen) éin time og ni minutt igjen til reisemålet. Dei går fort lei av utsikten, sjølv om ho er spektakulær i det mjuke vårlyset. Frukt verkar. Og meir godmodig ordveksling.
Me peikar på fiskebåtar og seglbåtar, før eg dreg fram mitt hemmelege våpen: Gaffatapen. Neidå. Ei kjempefin barnebok av Tor Åge Bringsværd og Egil Nyhus, som heiter Mira og Det farlige under sengen.
Me har lese ho bare eit par gonger før, så ho er kvalitetssikra i alle ledd.
Dei tykkjer mest at det er kjekkare å lesa ting om igjen, enn når det er nytt.
Eg parkerer Endre under den styrbord armen, og Ingrid babord, og no flyt tida fint. Me peikar og les, og før me veit ordet av det, vert det sagt Judaberg på høgtalaranlegget.
Der skal me byta båt, og eg må pakka sekken og dei håpefulle, og Ingrid lurer på om me er hos farmor nå. Helgøy Princess er berømd for sitt hyggjelige mannskap, og dei skuffar ikkje.
At fartyet er nesten stappfullt, er ein strek i rekninga. Me får plass ved eit bord.
Ungane vert ramma av akutt blygskap, og eg har ikkje mykje "høy i hatten" sjølv heller, men eg tek fram boka, medan Ingrid undrast på om me er hos farmor nå.
Me les ferdig. Det er eitt kvarter igjen, og no vert det klatra uhemma, og alt som var blygt er vekke, som dogg for sola. Eg grip Endre og grisekitlar han under armane, og han ler den boblande Endrelatteren sin, og latteren lagar smil over heile båten.

Og Ingrid spør om me er hos farmor nå, og eg seier jo, snart. Og så vert det ropt Sandanger på høgtalaren, og eg får så vidt med meg alt, inkludert treliteren med pappvin, og vi er der, og farmor ventar på kaien. Og i huset der heime er det kjøttkaker og alle dei gamle leikene som dei leika med sist. Og gongen før der og gongen før der og gongen før der igjen, i ein evig runddans.

Kommentarer

Nynorsk skal brukes til slik poesi.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta