Hagelangs del 2

Så låg eg der, sprengmett i hagen hans far.
Eg haurde han kom og at røysta hans bar.
Ein harme som eg ikkje kjende.
Han tordna og kjefta og skjennde.

Eg sa som sant var - at ein må jo ha mat,
og epla på treet, dei freista grassat.
Eg skulda på ormen i graset.
Eg sa det var Eva som maste.

Men koss eg enn vrei meg i otte og skam.
Eg slapp ikkje unna den mektige mann.
Han peika på grinda til verda.
Slik bruka han makta og æra.

Slik kasta han oss to nakne på dør.
Og ingenting skulle bli ganske som før.
Eg viste han fingen, kan hende.
Då hytta han neven attende.

Som merra den blinde, sa Eva til meg:
Det e pigede likt deg å skulda på meg.
Ho dirra av galdrande sinne.
Eg likte meg betre der inne.

Det er du det Adam, som lyg og som stel.
Eg fann meg ein kjepp og slo ormen i hel.
Du, din forbannade luring!
Og så vart det grining og suring.

Kommentarer

grining og suring! haha!
Kjempebra, så flink du er!!! Den må med i poesistien synes jeg :). Ha ei fin uke!
beelzebub sa…
Bra bra bra!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta