Den gode hyrde


Dette er egentlig en urpremiere på noe som skal brukes i en sporadisk spalte jeg skriver i et lokalt landbruks-tidsskrift.


Far min har mange sider. Mange gode, og nokre- ikkje fullt så gode. Når det er vår, og lemminga tek til, kjem han verkeleg til sin rett. Kvart einaste år, i grøn kjeledress som lukter stramt av sau, og lommane fylt med spiker og flasker med smokk. Då er han utrøytteleg, far. Natt og dag, som ein sauefjøsets Florence Nightingale, bidreg han med psykisk og fysisk støtte til dei gravide og fødande, og avkomma deira. Filosofien er at intet liv er for usselt til å redde. Og sorga er like stor kvar gong han må gje tapt, som gleda er dei gongene han kan hjelpe nyfødte lam tilbake til livet.
Han vert like sint på sauer som støyter i frå seg lam i dag, som han gjorde for tjue år sida.Og då får dei adoptivmødrene som er betenkte eller voldelige mot lamma raskt passa sine påskrivne, og vert titulerete 'J###la dass', og somme tider det som verre er. Tvangs-adopsjon vert praktisert relativt ofte, og som regel får Florence frå Adopsjons-byrået det siste ordet. Ein annan ting som er symptomatisk er at uansett kor stort sauefjøs han byggjer, så har han ti-femten for sauer for mykje når lemminga starter. Rart det der. Konsekvensen er at han har 'avdelingar' med sauer i dei fleste andre bygningane på garden. Dette igjen fører til ekstra slit, og grindar og trillebårer med silo og bøtter med vatn vert flytta hit og dit og opp og ned, og i det heile tatt er det ei hektisk tid. Bokførings-delen, der lamma vert registrerte kan unntaksvis gå over styr, og i fjor fekk vi faktisk tilbake eit lam meir frå heia enn vi hadde sendt. Bonus.
Det som eg syns er aller mest rørande er den omtanken Far har for dei svakaste i flokken, og på baklommen pleier han å ha med seg ei mjølkeflaske, som 'Pille' (dei utstøytte heiter alltid Pille) får ekstra mjølk frå. Og når han ropar 'PILLE!', og ein bitteliten lammekropp kjem styrtande, og forsyner seg grådig frå flaska- då kan eg sjå ekte glede i blikket hans. Det er slik ein sauebonde som har hjartet utanpå kjeledressen opererer. Far er det same for dyra sine som Kari Mills er for halvparten av kattane i byen.

Kommentarer

lederslangen sa…
Godt utkast som bør publiseres i flere tidsskrifter Gjerne VG !

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke