Kjellandforedraget, Kapittel 2024
Det er kapittelfestival i Stavanger, og i år sørga eg for å ikkje ha kornvakt akkurat denne veka. Det var nokså smart av meg, om eg må få vera så fri.
Torsdagen var Rållså og eg på Kiellandforedraget på Sølvberget, heile Kinosal 1 var full, og oppe på galleriet sat vi og såg Tom Hetland introdusera sjølvaste Kjartan Fløgstad frå Sauda og Ryfylke.
Temaet for Kjellandforedraget er alltid kvifor er litteratur viktig, sjølv om den aldrande diktarhøvdingen og arbeidarklasseforsvararen aldri faktisk brukte dei orda. Han knytta Kjelland saman med Edouard Louis, Thomas Korsgaard og J.D Vance - i ein sylkvass analyse av kva bane verdssamfunnet bevegar seg i om dagen.
Kort fortalt: dei tre siste der (to forfattarar og ein visepresidentkandidat) har alle røter i underklassen/arbeidarklassen. I sine bøker fortel dei om kor forferdeleg det er der, dei er knapt folk, dei som er i underklassen, og dei skildrar kor godt det er å koma vekk frå det, og dei lovprisar det individuelle - for Vance sin del, så er det jo heilt ekstremt, sidan han har takka ja til å stå ved Donald Trump si side i presidentvalet.
Det som er spesielt er at Fløgstad samstundes plasserer litteraturkritikarar, journalistar og intellektuelle i eit ganske ufordelaktig lys: Dei har hylla forfattarane og bøkene deira, utan å stilla eit einaste kritisk spørsmål til kva verdisyn dei representerer.
Eg har berre lese Korsgaard, så det er sagt (hvis det skulle komme et menneske), eg tykte den var god - alt for mørk, sjølvsagt - men eg kjende meg ikkje igjen i miljøskildringane, der han teiknar opp eit skittent, kynisk, homofobt og forfylla dansk bondesamfunn utan håp, som hovudpersonen til slutt klarer å rømma frå.
Eg veit ikkje om det er nokon som heng med lenger. Det er sosialrealisme type beinhard. Det er ingen kritiske spørsmål til kvifor folk er fattige. Det er deira eigen feil. Dei er mest ikkje folk lenger. Det er ingen bokmeldarar som zoomar ut og freistar å sjå det størrre biletet.
Så gjer Fløgstad det meisterstykket å jamnføra desse forfattarane med Kjelland: Beskriv karakteren Tørres Snørtevold (frå Jakob 1891), fiskarguten som kjem frå fattige kår, men som svinger seg oppover, skiftar navn og endar som bankdirektør i Stavanger.
Eg har ikkje lese Kjelland si bok (heller), men I følge Fløgstad beskriv han det komiske i samfunnet generelt og Snørtevold spesielt, i si omskaping eller klassereise, eller kva ein skal kalla det.
Mor mi hadde nokre ordspråk som gjekk igjen, med opphav i Trøndelag det er særskilt eitt av desse som høver godt til Fløgstad sitt Kjellandforedrag:
Det e ein dårli føggel som skit i sitt eget reir (det er ein dårleg fugl som skit i sitt eige reir).
Når det er sagt, så er favorittuttrykket Ti me du tøgg! (Hald kjeft når du et).
Men det får eg mest blogga om ein annan gong,
Eg heier på Kapittelfestivalen, og på Fløgstad og på Kjelland, og på å lesa bøker.
Kommentarer