Halvblodsprinsen, Øgleguden, Monarkiet
Kvart nyttår brukar me å sitja på kjøkkenet til the Beelzebubs og høyra på talen til kongen. Kongen virkar til å vera ein klok og empatisk mann til konge å vera.
Han er kongen til muslimane og til uteliggjarane, til dei streite og til dei homofile, til dei som eig mykje og til dei som eig mest ingenting.
Det er ikkje ulikt Jesus, tenkjer eg. Berre i aldrande utgåve med litt dårleg diksjon, men samlande. I alle høve i ord.
Historikken til absolutt alle kongedøme er prega av maktkamp, innavl, horeri, meiningslaus vald og stormannsgalskap. Lite naudsynte invasjonar og nådelaus undertrykking av folk. Brutal innkrevjing av skatt og avgifter. Det liknar på den katolske kyrkja, kanskje med eit marginalt mindre innslag av pedofili.
I mi verd er monarkiet lite anna enn ein pervers odelsrett, berre så det er sagt. Det er tullete og tilfeldig og urettvist, båe for monarkane og for oss undersåttane.
Eg må verkeleg ta meg på tak for å ikkje skriva noko injurierande om til dømes prinsessa og øglesjamanguden, som båe vil og ikkje vil ha merksemd. Dei VIL ha merksemd kring det dei kan tjena pengar på, men dei vil IKKJE ha kritikk eller negativ omtale.
Det same gjeld halvblodsprinsen, som på ingen måte har bede om å havna i Noregs mest profilerte familie, men som har - tja - gjort det meste utav diplomatpasset sitt, og i beste (verste) tradisjon svinga seg i VIP-områda, med nasen GODT nedi dei Sør-Amerikanske jordbruksprodukta.
Ikkje spesielt overraskande, kan hende. Verre er det at det ser ut til at han er ein voldsmann òg. Kånebankar som me kallar det på desse kanter.
Det er faen ikkje greit.
Og så har me pressa - som har visst mykje - men skrive lite, heilt fram til dei ikkje skreiv om noko anna.
I ein periode der, så var det så mykje Lille Marius i monitor, at det overdøyva alt anna. Folkemord, korrupsjon og klimakrise inkludert.
Kongen er valdsmennene sin konge og. Kongen er valdsmannen sin bestefar.
Er det ikkje på tide å avskaffa dette tullet no?
Kommentarer